Møttast på Moskog etter jobb og starta frå Haukedal skule og gjekk ca 400 m på vegen innover dalen, kunne ha parkert på grusplassen ved skilting og stistart. Fin sti å følge opp til Kabusen, og utruleg flott eit skue å sjå utover frodige Haukedalen. Ellers fint å følge vidare delvis sti og sauetrakk over ryggane mot Høgefjellet, som ligg så utruleg vilt og flott til med syn rett inn til Grovabreen. Hadde vi hatt betre tid kunne eg tenkt meg å gå vidare til Høgefjellet 1438 moh Det får bli i eit seinare høve og ifrå Jølster sida. Flott retur tilbake med hodelykt frå toppen med ein stjerneklar himmel, regnet kom på bilruta ved Moskog kl 21.30..fin timing :)
Fin tur ilag med Brit Siv
User comments