Eventyrleg tur på Bjørsetfjellet.... (20.01.2016)
Start point | Årdalsdalen P (280m) |
---|---|
Endpoint | Årdalsdalen P (280m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Distance | 7.4km |
Vertical meters | 755m |
Map |
Ascents | Bjørsetfjellet nord (1,002m) | 20.01.2016 |
---|
Planen min var å ta turen på Eikåsnipa, sidan eg hadde trakka spor kvelden iforkant og er heilt sikker på at det hadde vorte ein eventyrleg tur det også. Men fleirtallet bestemte og Bjørsetfjellet vart kveldens turmål, har ikkje gått den på ski så eg såg fram til den. Ingvalds skiekspress plukka meg opp, Brit Siv og co kom like bak. Då alle var turklar på Parkeringa i Årdalen, hadde selfølgeleg Brit Siv gløymt ein vesentleg turting som fellar!! Men vel og merke alle har kvar sin gong. Heller ikkje Ingvalds skiekspress hadde ekstra fellar til låns, men det er vel heller få som har ekstra sett av desse dyrbare lappane som kostar nesten 2000,- Eg sto ei stund å grubla på kven i nærheita eg kjende som hadde slike fellar, og Helge på Ålhus hadde då opptil fleire sett og vi slapp ein heil tur nedatt til Førde. På den stunda vi styra på som verst hadde det rukket å klarne heilt opp! Ikkje heilt fullmåne men nesten like lyst som dagen var det, pudderføre, stille og glitrande diamantar overalt. Skogen hadde kvite kapper og vi oppdaga etterkvart nokre slør over himmelen som kunne likne på nordlys.
Nordlyset vart sterkare etterkvart som turen gjekk oppover og alle trur eg nok vart grepen av denne heilt spesielle naturopplevelsen! Det var så stille....På toppen kunne vi sjå ned mot Vassenden også, vi skimta hodelyktlys på mange av toppane der som Tindefjellet og Steinegga. Etter å ha skua lenge, roa nordlyset seg også og vi var rastlause på nedrennet. Som eigentleg er eit kapittel for seg :) Men kort fortalt, Perfekt!!
Takker for ein heilt spesiell tur ilag med Ingvald Kvåle, Brit Siv Fimland og Ole Eilev Fimland
User comments
Nydelige stemningsbilder!
Written by 19topper 27.01.2016 22:41Heldige dere er som har fjell ;-D
Sv: Nydelige stemningsbilder!
Written by Eikås 27.01.2016 23:17Takker! Det tar eg som eit komplement Tor-Arne :) Fordi eg har sett så mange fine detalj bilder hos deg. Eg er glad for at bilda vart såpass, for eg hadde ikkje stativ. Bilder har stor verdi, det er halve turgleda :) Du lyt nok ta turen innom fjellverden her også ein dag :)
Sv: Sv: Nydelige stemningsbild
Written by 19topper 27.01.2016 23:20Med den største glede :-D, må bare finne veien først ;) ...og om bildene er tatt på frihånd..ja enda bedre!!!!!