Lærerik Observasjonstur på Eikåsnipa (13.02.2016)
Start point | Uppstunet (202m) |
---|---|
Endpoint | Uppstunet (202m) |
Characteristic | Snowshoe trip |
Distance | 9.8km |
Vertical meters | 918m |
Map |
Ascents | Eikåsnipa (826m) | 13.02.2016 |
---|---|---|
Holten (333m) | 13.02.2016 |
Nok ein fin dag med blå himmel, sol og 10 blå også i Førde og 12 i Jølster. Finn Olav Myhren som er rovviltkontakt i Jølster kommune v/Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane ville ta ein tur å sjå på spora utifrå bilda og min observasjon. Finn Olav er over snittet interessert i natur og rovvilt, og derfor vart det ein utruleg positiv og lærerik tur/observasjon ilag.
Sidan dette var over tregrensa, kaldt og puddersnø...så hadde ikkje spora utvida seg. Finn Olav seier det kan av og til være vanskeleg å sjå forskjell på ein stor rev og ulv...ein må gjerne følge spora ganske langt for å avsløre. Han såg dette ganske raskt idag utifrå steglengde og det skulle kanskje ha vore eit djupare trykk, men dette er også relativt fordi det kjem ann på kor mykje skaren held kiloen. I fjor var det observert reelle ulvespor i denne leia under Eikåsnipa! Det finst ei side som heiter Skandobs http://www.skandobs.no/ Der vi som fartar på turar og observerar spor, kan gå inn å registrere. Synest det var utruleg kjekt å lytte til den fagkunnskapen og den glødande interessa innan rovvilt og natur som Finn Olav har. Det seier kanskje litt også når dattera hans sitt først ord var, hjortespor :) Undervegs traff eg på to superspreke ungdommar, Irene og Joar. Sidan det var så strålande ver og dagen endå var ung...vart vi einige om å ta ein rundtur på Holten og Larstunstøylen ilag.Denne gangen var det ikkje ulv, men ein rev på kosetur i Eikås terreng ;) :)
Fin dag og tur ilag med Finn Olav Mhyren, Irva (Irene) og Heika
User comments
Morsomt ;)
Written by arntfla 13.02.2016 23:09Også kjekt å se ditt blide åsyn på bilde!
Sv: Morsomt ;)
Written by Heika 14.02.2016 19:57Som fotograf,såg eg to! blide "Åsyn",he,he. Men du Arnt,stiller sikkert strengere krav!
Sv: Sv: Morsomt ;)
Written by arntfla 14.02.2016 20:09Huff nå så jeg hvor dårlig den kommentaren var. Men den var stilet til artikkelforfatteren og lengre tenke jeg ikke. Det går av og til litt for fort på internett. Jeg dummet ut meg ut her og håper Irene kan tilgi. Det er definitivt to blide åsyn på det bildet!
Spennende læll :-D
Written by 19topper 13.02.2016 21:40Takk deling av tur og opplevelsen :-D