Kvannefjellet 1712 - Siste 100 Pf Jølster (22.08.2016)
Start point | Haugadalen P (643m) |
---|---|
Endpoint | Haugadalen P (637m) |
Duration | 6h 16min |
Distance | 16.9km |
Vertical meters | 1,435m |
GPS |
Ascents | Kvannefjellet (1,575m) | 22.08.2016 |
---|---|---|
Kvannefjellet Nord (1,712m) | 22.08.2016 | |
Nordre Kvannefjellet (1,551m) | 22.08.2016 | |
Søre Kvannefjellet (1,567m) | 22.08.2016 |
Sidan eg hadde tenkt å gå oppatt mandag etter jobb, hadde Brit Siv lyst å være med. Når eg har bestemt meg for ein ting får eg ikkje fred før det er gjennomført. Det skulle helst ha vore gjort før tanken er tenkt, og det er gjerne ikkje alltid den beste egenskapen! Meldingane var fine og Brit Siv plukka meg opp etter jobb. Søndag var eg på Eikåsnipa og traff på Lydia, ei sprek og kjekk dame. Vi snakka litt om den fine turopplevelsen eg hadde på Kvannebakkbu. Ho hadde lyst å ta turen også, men var litt usikker om ho våga åleine. Då vi skilde lag trur eg ho hadde bestemt seg :) Medan vi russla oppatt ryggen til Kvannefjellet, kunne eg sjå bort på Kvannebakkbu. Eg tenkte på om Lydia hadde komt seg opp, og fekk nyte freden og det fine der oppe.
Tida går fort og vi hadde brukt vel ein time til å russle rundt på toppen der. Fekk nokre fantastiske naturbilder då kveldsola, skyer og skodda kom drivande over Snønipa. Ein har lite lyst å retunere heim når det er så flott. Men fornuften tilsa at det var berre å skunde på då vi såg skyene som nærma seg faretruande gulsvarte.
Var oppatt på Søre Kvannefjellet i returen for å knipse nokre bilder og såg bort på Kvannebakkbu, der var det berre ein vegg av svarte skyer og lynglimt. Tenkte på stakkars Lydia som skulle overnatte der åleine første gang. Men skyene kom raskt mot oss, Brit Siv var begynt å gå medan eg styra med ompakking av sekken på toppen. No høyrde eg berre drønna som også kunne minne litt om lydane ifrå isbreen. På veg ned klarte eg kunst stykket å trakke over og det var ikkje eit lite overtrakk. Dette hadde eg gjort ein gong før og eg gjekk nesten 4 mnd. Fekk putta snø i sokken og fekk kjøle ned ankelen, greidde av ein eller anna grunn å springe ut igjen. Nesten nede ved Haugastøylen lyste lyna opp dalen og det regna hinsides! Store kontraster, ein minnerik og fantastisk tur på siste Jølster topp alikevel :) Turen enda tilslutt på legevakta med sjukmelding, krykker og nokre dagar framover med kvile!!
User comments