Ein sjelden klar og varm Haustdag, lenge tenkt å gå denne ryggen til Kvitefjell 1428 moh frå Gjesdalen og Finneskotet, litt usikker på historia til navnet! men meiner det skal vere ei forklaring har eg høyrt ein gong, lyt nok finne ut av den :) La i veg kl 12.30. La turen innom Stølverlifjellet 1033 moh, Jølster har trim post der iår. Gjekk deretter opp Nova 1170 moh, Tok fram `grom` nista mi med brunost på toppen, fint å sitte ei lita stund i sola. Jammen kom det ei i fullt sprang, ho kom frå Kvitefjellet, henta og bytta trimbøker til vinteren:) var frå Holsa! kjekt å treffe folk i fjellet:) ellers gjekk turen åleiene i fjell stilla!
User comments
Fullt sprang
Written by Garm 26.09.2013 23:04Tre mil og 2000 høgdemeter på femogeinhalvtime. Ikkje berre trimbokhentaren som var i fullt sprang... :)
Sv: Fullt sprang
Written by Eikås 27.09.2013 11:37Det vart ein optimal treningstur :) men rett skal vere rett, har ikkje med tida på brunost skiva og fotoshoten her ser eg..!:) Fint her i Sunnfjord no, sol og lite regn :) Vi skulle jo fått til ein fellestur til i Haust, hadde vore stas :)
Sv: Sv: Fullt sprang
Written by Garm 28.09.2013 09:08Kan nok la meg overtale til det. :)