Ein nydeleg tur i eit Fantastisk flott naturområde. Samtidig ein litt vemodig tur!! Starta frå Befringsdalen, innom Kvannebakknova og vidare til Kvitevardane. Nydeleg ver og vindstille, kunne ikkje få det betre! Var litt spent på å sjå området og resultata av utbygging av naturområdet ved Trollavatnet, litt spesielt og krysse vatnet på ski for siste gong. Det er ikkje tvil om at det er store naturinngrep i ein storslått natur!! Turen fortsatte vidare ned til Femtevatnet og opp på Grovabreen. Avslutta turen, med eit Hærleg nedrenn til Dvergsdals Støylen. Joar var med på turen.
User comments