Landskyttar Stemne og Storhornet! (04.08.2013)
Ascents | Storhornet (1,589m) | 04.08.2013 |
---|
Fine dagar og åleine på tur! Ferdig med løpet på Saudehornet i Ørsta og nokre dagar mellom til Fanaråken løp. Bestemte meg for å ta rundtur gå litt fjelltopper og besøke venner og bekjente. Storhornet har eg jo høyrt mykje snakk om og bestemte meg for å avlegge eit besøk :) Start og parkering frå eit fint hyttefelt, ilag med nokre sauer der. Kom vel eigentleg inn på merka sti til Storhornet, rett ovanfor der eg parkerte. Ilag med nokre Ungdommer som ikkje heilt var kjent i området heller...Dei hadde bestemt seg for å bruke veldig god tid! Eigentleg fornuftig sånn ein nydeleg dag:) Ungdommane var med på landskyttarstemnet, og hadde vorte anbefalt denne toppen :) På Toppen av Storhornet var det fleire som kosa seg i sola, lokale folk! Fekk anbefalinger om å fortsette vidare på eit kjempeflott fjell med navn Okla :) Høyrdest veldig bra ut! Tenkte at det må kanskje gå, sjølv om kl var 17.00 på ettermiddag!! Så eg fortsette med freidig mot....Hadde gått laang og lenge og sela på.. ville anta eg hadde 1 t før toppen, då eg bestemte meg for å snu.. Kl var så pass at det ville bli skyming før eg var nede att til bilen.. Det får bli på ski ein gong i tida... (har eg bestemt meg for) etter å ha vore så nærme :) Fekk vel i ettertid høyre av lokal befolkning, at turen til Okla er ein mykje brukt ski topp! Kan for så vidt skjønne det, ikkje heilt Vestlands terreng dette :) Ein Super fjelldag i Oppdal
User comments