Solund på sitt aller beste :) (18.04.2014)


Start point Råke DNT Hytta
Endpoint Råke DNT Hytta (6m)
Characteristic Kayaking
Duration 9h 11min
Distance 21.8km
Vertical meters 1,330m
GPS
Ascents Færøytinden (108m) 18.04.2014
Hogneskjelfjellet (135m) 18.04.2014
Hågøytinden (180m) 18.04.2014

Gode meldingar til Påske, og lysten på litt anna enn ski toppar (for min del) og lenge prat om Råkehytta i kombinasjon padling og fjellturar! http://ut.no/hytte/r%C3%A5keneset Vi tok ei kjapp beslutning på å ta turen utover...:) Brit Siv hadde nokre oppdrag på skredvarsling til NVE frå Jølster, som ho først var nødt til å få rapportert inn pga langhelg til påske. Sidan eg kjem frå Solund og har foreldra mine der ute, bestemte eg meg for å reise ut litt på førehand og så møte Brit Siv på Råkehytta to dagar seinare. Det var ekstra kjekt at Ola og Ingrid ville vere med, dei kom heilt ifrå Trondheim. Vi møttast på Råkeneshytta og fekk ein kjempe triveleg kveld og nesten morgon, før vi fant ut at kanskje det var på tide å blunde litt!! Det gode turliv .... :) Fredagen vart som bestillt :) ikkje eit vindpust, sola varma og det var eit strålande ver heile dagen! Hadde fortalt dei andre litt om Roar Moe på Litle Færøyna om hans prosjekt om kystkultur, far min er også lærar og har samarbeida litt med han, det var planer om å få til noko på den nedlagde barneskulen på Færøy (i Nord Solund) Skulen vart solgt til private så det vart ingen ting av dei planane, eigentleg kjempesynd!! Roar Moe har virkeleg fått til noko viktig og positivt i ein ellers så fråflyttings trua kommune. No idag bur der ca 815 mennesker fordelt på 1700 øyer i Solund. http://www.seilas.no/wip4/detail.epl?id=446054 Roar skulle no ta imot ein klasse frå Bergen Arkitekt skule, som skal bu og ha eit flott lærings opplegg der ein månad. Anbefaler å legge turen innom Litle Færøy :) Etter kosleg prat, kaffi, og omvisning fortsette vi til siste øytopp Hognekjela og Hognekjelfjellet 135 moh. Fekk nyte ein flott solnedgang og eit blikkstille hav på tilbaketur til Råkenes :) Solund er også fint å oppleve på sykkel og store muligheiter å klatre i fjella der som består av den spesielle bergarten konglomerat!

eikås_img_1720.jpg
eikås_img_1738.jpg
eikås_img_1739.jpg
eikås_img_1750.jpg
eikås_img_1754.jpg
eikås_img_1761.jpg
eikås_img_1784.jpg
eikås_img_1790.jpg
eikås_img_1797.jpg
eikås_img_1803.jpg
eikås_img_1804.jpg
eikås_img_1814.jpg
eikås_img_1822.jpg
eikås_img_1831.jpg
eikås_img_1840.jpg
eikås_img_1876.jpg
eikås_img_1881.jpg
eikås_img_1883.jpg
eikås_img_1887.jpg
eikås_img_1902.jpg
eikås_img_1900.jpg
eikås_img_1917.jpg
eikås_img_1918.jpg
eikås_img_1919.jpg
eikås_img_1927.jpg

Takk for kjempefin tur ilag Brit Siv, Ola og Ingrid

User comments

  • -
    avatar

    Litt av en padletur

    Written by otto 23.01.2015 17:29

    Ikke rart du trives uti havet Janne

    • -
      avatar

      Sv: Litt av en padletur

      Written by Eikås 24.01.2015 22:34

      Fjella er nydelege Otto, men havet ligg nok hjertet mitt nærmast og då selfølgelig ute i Sula :) Du er no godt kjent etterkvart med øykommunen der og som Noregs Vestlegaste øy kommune:) No snøar vi snart ned i Jølster, snakka med dei heime i Sula og der var det fritt for snø...Staren storkosa seg på plenen ;) :) Det må då berre bli ein tur snarast der ute på fjell topp samling ;) :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.