Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (3)
- Alpine climbing (1)
-
Other trip (5)
- Expedition (1)
- Kayaking (3)
-
Other winter trip (69)
- Skating (3)
- Snowshoe trip (66)
-
Ski trip (159)
- Backcountry skiing (38)
- Cross-country skiing (4)
- Randonnée/Telemark (114)
-
Trip by foot (951)
- Alpine trip (1)
- Hike (506)
- Hillwalk (120)
- Jogging (226)
- Walk (1)
-
Workout (9)
- Treadmill (4)
Peakbook-Friends
Larstunstøylen
- Date:
- 28.02.2016
- Characteristic:
- Jogging
- Distance:
- 5.1km
Fin morgentur og løpstur på Larstunstøylen
Nærfjella er dei beste!
- Date:
- 28.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Endeleg hadde skodda som har omslutta toppen nokre dagar letta! Nydeleg fin dag med solglytt og total vindstille. Mange hadde valgt å ta familieturen sin på Eikåsnipa denne søndagen, fine spor er det oppover no og ein grei topp også for dei minste. Eit artig topptreff denne dagen! For ein god del av dei som held til rundt alle kantar av fjellet, var tilstades eller hadde vore oppom ein tur. Hærleg å nyte godværet og ha tid til den gode fjellpraten med folk du sjelden ser i ein travel kvardag, både liten og stor!
Tur nr to og ettermiddagstur på Eikåsnipa
- Date:
- 27.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Rastlaus og fantastiske telemarksforhold i pudder, til tross for utfordrande flatt lys på toppen. Ein må benytte anledningen, når ein kan med dei flotte skiforholda som vi har no.
Morgentur på Eikåsnipa
- Date:
- 27.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Mange på tur idag...Ingvald var tidleg ute på morgenkvisten og slapp akkurat unna skodda som hadde lagt seg på toppen! Triveleg med selskap av Erlend og sonen opp til støylen!
Skoddetur til Eikåsnipa
- Date:
- 26.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Det er berre så digg å være på skia igjen! Eventyrleg føre og pudder å renne ifrå toppen tiltross for lite sikt!! Brit Siv hadde brøyta spor til meg før ho farta vidare avgårde til kysten!
Kosetur
- Date:
- 24.02.2016
- Characteristic:
- Trip by foot
- Distance:
- 5.1km
Miriam heime på vinterferie ifrå høgskulen i Bergen. Ingenting er finare enn når ungane spør om å ta ein tur ilag. Opplett mellom snøbyene og vi stampa oss opp på Larstunstøylen i 30 cm nysnø i ellers køyrde traktorspor. Alltid berre ro og kos å være på tur ilag med Miriam
Verdens lykklegaste på ski og Eikåsnipa
- Date:
- 23.02.2016
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Distance:
- 5.2km
Det er det dårlige som gjere det gode godt...det er iallefall min livsfilosofi! Og det er hærleg å kjenne på og vite at ein kan sette pris på det som vi tar for gitt i eigen kvardag. Det laver ned med snø, fantastiske ski og naturbilder å sjå overalt!!! Gjekk og småtrakka litt rastlaust og oppdaga nokre fine morgenfuglspor mot Eikåsnipa. Litt på grensa til å teste skia...men det frista å prøve og eg valgte derfor å stappe trugene i sekken med tanke på nedfarten. Fall er ikkje det heilt beste endå...men å gå jamt på motbakke etterkvart, er berre heilt supert. 40 cm pudder ville ikkje være problem, så det var berre hærleg å sleppe seg ned med telemarksvinger i kontrollerte former :)