Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Øytoppar i den vestligaste og finaste kommunen i Norge.

Datum:
14.05.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,5km

Virkelig langhelg med Pinse og 17 mai med gode værmeldingar og fri mandag- tysdag. Då må ein nytte tida maksimalt. Hadde tenkt å ta med kajakk utover, men det var kuling varsel og låg temperatur. Med landfaste toppar på lista, var valget greit å utsette kajakktoppane til seinare i sommar. Målet er også optimal ro og kos med desse turane :) Om den ikkje finnast i utgangspunktet så kjem den garantert idet ferja nærmar seg Krakhella. Dei fleste i familen min var allerede heime på Færøyna i Nord Solund. Eg er vel einaste utskuddet i familien som spring etter fjell og likar å ligge i telt. Men det gode er at det faktisk er akseptert og far min som er lærar elskar kart, historie og geografi og då har vi linken og fellesnevnaren :) Eg hadde bestemt meg for å telte ute ved Tangeneset >>>

Molden

Datum:
12.05.2016
Entfernung:
14,0km

Molden er ein av mine favoritt toppar og no på denne tid er det ein draum å gå den med all Kvitveisen som blomstrar på fjellryggen ifrå Marifjøra. Hadde med truger, rekna med det låg snø på øverste del. Med utslitne joggesko så vart det jammen skapleg neglebit...lærer aldri!! Men fint var det uansett å sette seg ned ved den fine steinbua på toppen, nyte utsikta over Lustrafjorden inn mot Skjolden. Steinbua står Luster Kommune for og bygd av sherpaer med prosjektleiar Geir Vetti :) http://www.nrk.no/sognogfjordane/molden-far-steinbu-for-fjellfolk-1.11949097

Karte    

Dyrefjellet i Solund

Datum:
23.03.2016
Tourlänge:
0:40h
Entfernung:
1,5km

Fint å avslutte turdagen med Dyrefjellet, der eg og hadde parkert bilen for turen til Krakksnova

Karte    

Krakksnova i Solund - Den unike "urskogturen"

Datum:
23.03.2016
Tourlänge:
6:49h
Entfernung:
14,8km

Dette området er eit av dei heilt spesielle områda på den nordaustre del av Solundøya og urskogen her er unik og har vore tenkt freda. Solund var skogkledd og vart visst nedbrent ein gong i mellomalderen, etter ordre ifrå styresmaktene i København. På den måten skulle det være vanskeleg for "sjørøverane" å gøyme seg. Myrane idag, viser til mange og store røter på at det ein gong har vore eit skogkledd landskap. Sidan området er så spesiellt hadde eg veldig lyst å sjå meir til det. Eg bestemte meg for å undersøke området nærmare, istadenfor å ta den lettaste vegen via sjøvegen. Det skulle vise seg å bli ein skikkeleg urvandringstur i eit særdeles opp, ned og rundt terreng som eg aldri før har gått. Begynte å tenke litt på navnet Krakksnova, og laga min >>>

Karte    

Øykefjellet i Solund

Datum:
22.03.2016
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
2,2km

Fin kveldstur etter å ha køyrt Miriam til Hersvikbygda, der bestefaren henta med båt. Eg hadde turplaner til Krakksnova 277 moh onsdag og då ei bilovernatting mot Sandvika i nordaustre del av Solund.

Vassdalsnipa-Vatnaskredfjellet og Tuftanovi

Datum:
18.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:04h
Entfernung:
20,5km

Karte    

Brossviksåta

Datum:
02.10.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
11,1km

På veg til Bergen for å besøke studenten Miriam, og som bestilt vart det opplett ved turstart :) Jarle med på turen

Karte    

Rundtur på Nosafjellet

Datum:
21.09.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
11,0km

|

Karte    

Årdal: Skorsfjellet og Bøttejuv på veg til Slettmarkpiggen +

Datum:
21.08.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
8,2km

Gode meldingar for helga og fine forhold på stortoppane! Lise skulle til Aurlandsdalen og eg skulle treffe Geir Arne på Gjendesheim for å nå nokre fleire fine 2000 moh toppar i samlinga. Då passa det jo fint å ta ein felles fjelltopp ilag, mellom all trøyttande bilkøyring.

Karte    

Ein av dei store naturopplevelsane Vest for Bjørnabreen

Datum:
20.08.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
7:00h
Entfernung:
18,2km

Ein nydeleg varm sommardag av dei få denne sommaren! Starta frå Esebotnen i turmerka sti ganske så bratt oppover. Stien går like ved toppen med det forlokkande navnet Gulleplet, her var det eit utruleg fint utkiks punkt utover Esebotnen, fjorden og Balestrand senter. Ein del snøfonner att oppover mot toppen, men så pass mjuke, fine å gå. På toppen av Vest for Bjørnabreen er det berre ei vanvittig nydelig utsikt, den svara til forventingane også etter å ha lese rapporten til Arnt arntfla (Arnt Flatmo) Ein tur bortom Keipen høyrer til, dette området har stått høgt på lista lenge og kan anbefalast. Ein godt utnytta dag i vill natur med store kontrastar :)