Topptur for fleire
Mann i 50-åra som er glad i fjellturar så vel som toppturar. Går både aleine og saman med andre. Er med i turlag, administrativt og som aktiv på tur. Har sidan eg besteig Suletinden på ski med far min som 7-åring hatt ein fasinasjon for toppar. Tykkjer denne sida er god inspirasjon til å komme seg til nye turmål. Forhåpentlegvis kan også eg bidra til andre. Det blir tryggare å færdast når ein kan lese andre sine omtale av turar. Gjerne også kartspor.
I tillegg til treninga og rekreasjon, er eg også svært glad i det visuelle. Kjekt å sjå på foto i etterkant av turar. Mimre, visualisere, og ved hjelp av kart forstå terreng, og området ein har vore på tur i.
Eg registrer førebels toppar i Jotunheimen, 10 og 30 pmf, og 100 pmf. i eigen kommune, Lærdal. Så får vi sjå kva strategi som blir vald vidare. Har nokon hindringar då eg har ei grad av høgdeskrekk. Men har vore på Slogen, Storebjørn, Via-ferrata i Loen. Så dette kan trenast noko. Har ikkje erfaring med sikring, så då må eg i så fall skaffe meg nettverk og meir trening. Men det hadde vore spennande å nå nokre av dei litt tøffare turane i Jotunheimen. Er elles glad i løypeski og fjellski-turar. Lurer på Randonè. Toppar og fjell er toppen !! :)
User comments