Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (8)
- Trugetur (8)
- Fottur (355)
-
Skitur (111)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (4)
- Randonnée/Telemark (68)
-
Sykkeltur (3)
- Blandet sykling (1)
- Terrengsykling (2)
Favorittopper
Klantenovi 15/25
- Dato:
- 16.11.2025
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 3,3km
Gikk frå Borgund kyrkje i dag. Skjeldan eg nyttar denne ruta. Likar best å gå frå Rimskjold. Men kyrkjene og området ved er unikt. Framleis er det mykje trefall å rydde opp i etter stormem «Amy». Det er arbeid med opprydding fleire stader, og det blir betre.
Smørlifjellet og Binnhovdknatten
- Dato:
- 09.11.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,2km
Tur i Nord Aurdal kommune i dag, for å plukke eit par Valdres-toppar. Meldt sol austafor, og snøen har trekt ned på toppane rundt oss i Indre Sogn. Kjekt å gå i dette vidde-landskapet. Fin utsikt til Jotunheimen, sjølv om den er litt langt i frå. Kort nok til at ein får inntrykk av at snøen verkeleg har lagt seg til i høgda. Gikk i frå stølsområde Pilset, som ligg 13 km opp frå tettstaden Leira. Vel to timar å køyre frå Lærdal. I dag kom ikkje kartet opp på appen til Peakbook. Sette den difor ikkje på før det tikka inn ein liten topp. Forstod då at det kun var visninga av kart som ikkje fungerte. Leita litt etter startpunktet, men etter 100 meter bortover Fjeslivegen, gikk det trakk rett opp på ein haug. Sti på heile turen. Ved bruk av Ut-appen, ser ein stiane, slik >>>
