Archive - Date
Archive - Activity
- Ski trip (7)
-
Trip by foot (15)
- Alpine trip (5)
- Hillwalk (9)
Peakbook-Friends
Favourite peaks
Loftet
- Date:
- 08.10.2016
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 12.2km
</gallery> Sesongen var eigentleg avslutta, men eit kraftig høgtrykk fekk oss på topptur igjen. Tidleg frå Lærdal, og flott køyretur over fjellvegen Øvre Årdal - Turtagrø, og vidare over Sognefjellet. Stålande sol og tåkedis. Magisk :) Vi parkerte ved Øvre Halsatjønnen, og gikk oppover Langranden på fin sti. Etter kvart flata det ut, og inn ein dal, før det gikk bratt opp på ve. side av ei grov, og vel 150 høgdemeter opp til platået ved Veslloftet. Her låg det snø, og vi valde å gå over dette skaret og ta oppstigninga langs egga mot Leirdalen. Det angra vi ikkje på, då utsikta oppover var magisk. Fekk ein del flotte foto over leirdalen, mot m.a. Skardstinden, og fleire flotte tindar og brear. Det var innimellom litt vanskeleg på snø i kombinasjon med lause steinar. >>>
Nautgardstinden og 6 til
- Date:
- 24.09.2016
- Characteristic:
- Alpine trip
- Distance:
- 27.1km
Helg, og tur over Filefjell og Valdresflya til Randsverk. Vi var spent inn Veodalen i mørknet med ny stor bubil. Det gikk fint, sjølv om det rista godt i vaskebretta. Parkerte på ei naturleg utkøyrsle 20 meter frå vegen mot Storkroken. Ei god natts søvn, og vi vakna til ein vakker soloppgang. Takk til dette fora, hadde vi førebudd oss med kartspor til ei fin rute som Morten H. hadde nytta. Lett og fint inn Stornautgarden, og opp skardet til venstre for 1773. Lett å finne naturleg trakk i lendet. Fylgde den flotte ryggen rundt Naudgarden til Oksle. Då vi kom til stupkanten, skardet ved 1900 moh. kom dagens fyrste whaaaooo-oppleving. Heilt fantastisk å sjå. Bre, stup, morene, botn, brevatn. Utsikt til dal. Og straks kunne vi legge til sol, snø, holke og tåke. Etter ein del fotografering, >>>
Besshøe og Besseggen
- Date:
- 15.09.2016
- Duration:
- 12:00h
- Distance:
- 25.1km
Fantastisk rundtur med start ved Bessheim kl. 8:30. Bessheim-Besshøe-Besseggen-Bessheim. Hele 27 km. Vi gikk ruta mot Glitterheim til stidele, så vest og på nordsida av Bessvatnet. Vi heldt ca. 100 høgdemeter opp frå vatnet, skrådde mot ryggen vest om Grotåe, der sjølve oppstiginga av østryggen verkeleg tek til ved ca 1520 moh. Nådde toppen etter vel 5 timar. Fantastisk utsikt i stup ned mot Nedre Russglopet. Halvtime pause her oppe. Berre å nyyyte. Vi tok nedstigninga i retning sørøst. Følgde aust om eit elveløp, og passerte over ei lita snøbru. Dreia mot vest ved 1800 moh, og kom ned på stien mellom Bjørnbøltjønnet og Bessvatn. Så bar det bortover mot Besseggen. Opp fyrste gong for min kjære, og min tredje gong. Spennande for henne. Over Veslfjell, og så på ruta mot >>>