Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Lisbetnøbbi ved Gol

Datum:
26.05.2023
Tourcharakter:
Jogging
Entfernung:
6,0km

Ein liten pause i bubilkøyringa til austlandet. Nytta tida godt til ein kjapp tur. Fint område ved skule og idrettsanlegg. Diskgolf, sykkelløype og stiar. Golingane har høve til rekreasjon i nærområdet til sentrum.

Karte    

Kvanngrødfjellet

Datum:
21.05.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
6,6km

Kom køyrande opp Guddalen til Byrkjosen til dagens andre tur. Fine vatn nedanfor her. Greidde å parkere bilen ut på nokre grastustar før nedkøyrsla til garden. Gikk så knapt 100 meter, og kika i grøftekanten, til eg plutseleg såg ei opning mellom to bjørketre. Eit falma blått band på eine treet. Stien gjorde seg greitt gjeldande ca. 5 meter inn i terrenget. Opp ryggen var det bratt og god sti. Den bar preg av lite bruk. Då det flata ut, dreia eg litt til høgre, og så i retning opp på fjellryggen. Kunne gjerne følgt stien rundt haugen også. Veldig fint å gå slik på lite bratte sva-parti frå haug til haug. Nokre snøfelt innimellom, som heldigvis bar tyngda. Litt stigning att til sist. Brukte ein god time ut til den staselege varden. Den var sikkert 1,5 meter i diameter. >>>

Karte    

Toreheia

Datum:
21.05.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
9,5km

Oppsummert enda dagen med tidene 4:42 på tur og 6:36 i bil. Bilen går på billig el-drift, og det freista med tilgjengelege toppar på over 500 pmf. Sist veka var min kraftpris alt medrekna, kr 1,38 pr. kwt. Med forbruk på 63,2 kwt kosta det kr 87 på 430 km. Vasskraft frå Lærdal ! Med nøyaktig bruk av Peakbook-appen fann eg grinda og merka sti opp til heia. Følgde sti til eg hadde passert tre hytter på ulike stader. Så bar det rett opp på Høgeheia etter tre-pinnar med raude merke. Her oppe var det postkasse og sjekk-ut på Ut-appen. Følgde så ryggen vidare til Yndestadhøgeheia. Her var det framifrå utsikt til fjella, og ned til Stongfjorden. Vidare på tendens til sti rett fram til ei høgd, dreia venstre og opp til varden. Flott varde og fin utsikt. Sjekk-ut her også. Nedatt >>>

Karte    

Klantenovi

Datum:
17.05.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,0km

Måtte ha ei raud nål sidan det var 17. mai i dag. Medan Marita tok ein Bakketrim på Galdane, gjorde eg runden Rimskiold-Sverrestien-Klanenovi-Klanten-Vindhellavegen-Rimskiold. Fin runde, der eg kan plukke med ein topp med pmf. over 100 meter. Fin dag, litt kaldt i lufta, men ideelt for litt trim.

Karte    

Pollatinden

Datum:
27.04.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
4,1km

Tur to i dag. Parkeringa var teken. Eg fekk plass til bubilen ved ei romsleg nedkøyrsle 350 meter nordaust for parkerings-lomma. Som egentleg er ein møteplass. Skilta og merka rute derifrå. Mest på sva oppover, med noko blaut sti innimellom. Møtte to turgåarar like under toppen på deira retur. Morro tur opp her. Desse grove svaberga går ein rett opp. Mindre bratt enn kva eg trudde. Opp på ca. 45 min. Stor flott varde, og himmelsk utsikt. Litt foto. Flott utsikt ut over små øyer og havet. Litt skarp vind på toppen. Det vart difor straks småspringing nedatt. Nesten som å fly :)

Karte    

Ravnenipa

Datum:
27.04.2023
Tourcharakter:
Fußtour
Entfernung:
3,4km

Fin og enkel oppvarmingstur frå sentrum på Solund. Plan for turen er å besøke nokre fjelltoppar, oppleve litt nytt, og kose oss i bubilen. Hovedmålet i dag er Pollatinden, som eg fekk eit fint bilde av frå toppen her. Her på Hardbakke er det eit veldig flott diskgolf-anlegg, og ei fotballbane som ligg fint til. Denne turen starta bak målet på fotballbana. Fin natur undervegs på turen. God friksjon på desse fjella. Porøs konglomerat, som gir godt feste. Berre å dure opp og ned sva-partia utan tanke på risiko for å gli. Flott utsikt frå toppen. Til toppar, havet, innlandet som stig innover. Herlig.

Karte    

Skredvarden

Datum:
15.04.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
22,3km

Når været er regn heime, og sol ved kysten, så blei det bubil- og topptur. Valet fall få Askvoll. Kom fram til marinaen kl 21:30. Laurdag tok Marita og meg ferja til Atløy. Sykla frå ferja i Gjervika, 7,5 km utover smal bygdeveg, til vi kom til ei vik med skilta tur-vegar. Spora ikkje sykkelturen. Fin sti inn i terrenget og bratt opp på fjellet. Godt merka heile vegen, og lett terreng å gå i. Stadig flottare og breidare utsikt på veg opp, og med Alden som ikon. Nydeleg stor og fin varde med 360 utsikt på toppen. Vi tok oss god tid til å sjå utover, og til fotografering. Eg var imponert over Marita som blei med på tur i dag. Med betennelse i kne heile vinteren, har ho ikkje fått trena. Men opp kom ho. Nedatt med kraftig skinne, gikk det overraskende greitt. På sykkelturen tilbake >>>

Karte    

Storehaugen

Datum:
19.03.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
6,2km

Fyrste fottur til Storehaugen i år. Is frå litt under Hardasiglet. Krika meg mellom isfelt opp til ca. 430 moh. Så på med snøkjetting. Lite snø opp til Skirset. Tungt opp hit, med vidare gikk det lett i dag. Meir snø, og hardtrakka trugespor oppover. Merkeleg nok blei det blautare, og eg trakka i gjennom snøen 10 -15 gonger. Kunne ha nytta truger, frå Vetlehaugen, men det var greit til fots i dag. Flott utsikt frå toppen, om det er vinter ellers sommar :)

Karte    

Klantenovi

Datum:
11.03.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,2km

Enkel lokal tur, sidan ryggen framleis er litt vrang. Fottur i snø og med stavar til i dag. Ein del av ruta hadde fine trugespor.

Karte    

Klantenovi 12

Datum:
14.12.2022
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:45h
Entfernung:
3,9km

Målet om ein tur til Klantenovi kvar måned i 2022 nådd. Eg går ulike ruter her innimellom. No blei det litt systematikk. Ved å gå opp til topp-punktet, ein gong kvar månad, sikra eg meg 1440 ekstra meter primerfaktor. Avstikkaren frå stien over Klanten er 200 meter bort til topp-punktet. Overkommeleg �.Mobil utan dekning i dag. Ikkje gps-spor, sidan eg sletta PB-app i forsøk på å få den i drift. Den fann ikkje posisjon og kart.