Archive - Date
Archive - Activity
-
Trip by foot (1)
- Hillwalk (1)
Store Smørskredtinden - Vestegga
- Date:
- 16.09.2016
Gjekk Vestegga frå Skylstad. Hadde med tau, hjelm, stegjern og isøks - just in case. Det viste seg å vere unødvendig, sjølv om hjelmen var grei å ha på Vestegga, mest fordi vi var sju stykk og det er ein del lause småsteinar i råsa. Første etappe gjekk frå Skylstad til Patchellhytta. Nokre i turfølgjet kom frå Stranda, så det var naturleg å gå heilt til hytta. Hadde alle gått frå Skylstad hadde vi nok sikta oss inn på Vestegga tidlegare. Frå Patchell var det uproblematisk å gå i ura opp mot Vestegga, men her er det ingen markert sti. Dei siste 500 høgdemetra opp til toppen via Vestegga er merka med vardar. Denne vegen kan for nokre verke litt utfordrande, men her gjekk det veldig greitt, og vi brukte ikkje tau. Det var nokre få klatreopptak og nokre stader var underlaget >>>