Rondslottet (14.03.2015)
Ascents | Rondslottet (2,178m) | 14.03.2015 |
---|---|---|
Vinjeronden (2,044m) | 14.03.2015 |
Helga var i utgangspunktet planlagt og nærma seg med stormskritt. Værgudane ville vise seg frå si beste side så yr.no hadde tapetsert heile Austlandet med ei stor sol men i tolvte time meldte "partners in crime" avbod på helgeplanane. Utan krimkameratane feiga også eg ut på hovudplanen men med "den" værmeldinga var det ikkje nokon stor krise. Alternativ fantes. Så fort eg fekk plassert nesa i karta og nye helgeplanar byrja å visualisere seg ringte telefonen. Ein anna kamerat ville innkassere litt gjeld i form av ei tjeneste og det var sjølvsagt laurdagen. Enkelte gonger må ein diverre forsøke å være litt mann for seg og dette var, bittert nok, ein av dei. Laurdagen kom og sidan gjeldsbetalinga foregjekk utandørs var det ikkje til å unngå å få med seg det nydelege været. Etterkvart viste det seg at ting ville gå ein del raskare enn tenkt så kanskje kunne eg få pressa inn ein eftastur i godværet? Tankane byrja raskt å spinne rundt kva tur eg kunne få mest ut av med ein stutt dag og det tok ikkje mange spinna før overnatting på Rondslottet meldte seg som eit alternativ. Overnatting på Rondslottet var forsåvidt delvis avtalt med Øyvind Brekke tidlegare (sorry Øyvind, men eg skal nok lett la meg overtale til ei reprise...).
Når tanken fyrst var tenkt var den også meir eller mindre vedteken, litt værforbehald dog. Resten av arbeidsøkta tok ikkje så lang tid ifølge klokka men psykisk var tida endelaus. Men endeleg kunne eg, om enn ikkje samvitsfullt, avslutte arbeidsøkta og ile heim for å sjekke værmeldinga.
Ikkje eit vindpust i lufta sjølv om amatørane på yr.no meldte fem til seks meter per sekund. Proffane på storm.no derimot hadde sjølvsagt meldt rett, storm i mitt hjarte. Jakka gjekk i sekken og skituppane vart vendt mot Tjønnbakken. Passerte den nye "såkalla" arkitektoniske perla på toppen av Tjønnbakken. Har rynka noko på nesa over den tidlegare når eg har passert på vegen, men no når skiløypa er lagt om så ein får sett andre sida også skrik det imot ein. Dei skal være glad for at ikkje eg har noko å seie i styre og stell... Noko formildane at dei har lagt villskifer, hadde dei enda berre lagt takvinkelen noko meir.
Turen innover var det berre å bite tenna saman og forsøke å halde tempo oppe. Sola steika godt og fyrste pause vart teke på ein stein rett etter brukryssing av Ula ved Spranget.
Etter Rondvassbu var det eit par parti innover der det hadde vært fornuftig med litt skibæring. Ved entring av Rondholet vart eg som vanleg lurt av avstanden til å tru det ville gå mykje raskare inn enn kva som vart realiteten. Andre pause vart teke innerst i Rondholet med steggjern på og ski på sekk. Litt oppe i sida mot Vinjeronden takka sola for seg og viste seg ikkje noko meir den dagen. Kom etterkvart opp på Vinjeronden og innsåg at draumen om solnedgangsbilete frå Slottet var tapt. Kunne vel ikkje gje opp for det så eg ila vidare mot primærmålet.
Vel oppe kunne eg konstatere fortsatt knallvær. Valsa rundt på toppen, fotograferte og storkosa meg i sikkert 20 til 30 minutt før eg byrja å tenkje på å ta på meg jakka. Tida gjekk og det var snart på tide å tenkje på natta. Ein liten trekk gjorde overnattingsplassen mest praktisk på nordsida av varden. Der hadde sjølvsagt tidlegare besøkande lagt ei velfylt latrine så eg grov istaden opp ein levegg på nordvestsida. For sikkerheitskuld grov eg også opp ei grop mellom to steinar eit lite stykke nedanfor toppen. No byrja eg å merke at det var ei stund sidan sist sola sleika Slottet så dunjakka vart plukka fram. Den, kombinert med nokre joggerunder rundt varden hjalp. Måtte så ta ein skrytetelefon til Atomsilda som var på hyttetur på Kvamsfjellet. Tulla litt rundt med hovudlykt for at han skulle sjå meg men utan resultat.
Magen ga etterkvart klar beskjed om sine lystar så da var det berre å finne fram kokeutstyr. Utruleg nok dukka Even Beinlaus opp samstundes og kompliserte kokeprosessen vesentleg. Eg sleit lenge med å få fyr på brennaren mens eg forbanna Storm.no Det er Yr.no som er tingen. På toppen av det heile presterte eg å sette tommelen inn på brennardysa etter at eg fekk fyr. Om Atomsilda ikkje såg meg tidlegare på kvelden ville han iallefall høyrt meg no om han fortsatt var ute... Fekk i meg middag og litt Talisker før det var kvelden. Vinden herja jamt gjennom natta så det vart lite søvn. Det til tross freista det ikkje å forlate soveposen utpå morgonsida. (Fotografering av soloppgangen vart utført sittande i soveposen og da varden skugga litt vart det løyst ved å gjere den til eit element i bilete).
Sola steig og temperaturen følgde på. Ordna meg frokost og smelta litt vatn men fant ut at vass smeltinga tok for lang tid. Brukar jo uansett ikkje drekke så mykje så det burde gå bra med det lille eg ha. Valde nordvestryggen da den var terra incognita for meg. Vurderte litt om eg skulle ta ski eller steggjern nedover men enda på ski. Fyrste stykke var det knallfine forhold og eg forstod ikkje kvifor eg i heile teke tenkte på steggjern. Lengre nede hadde vinden herja. Det byrja med nokre skavler og fortsette med meir og meir stein som stakk opp. Nedkøyringa kuliminerte med litt for stor fart over nokre skavler. Manglande kontroll førte til null bremsing og enda mindre svinging. Steinura hogg tak i skia på andre sida av skavelen og eg måtte ty til jogging gjennom resten av røysa. Seks til sju joggesteg seinare, ti Ave Maria og halleluja, fortsatt på beina, rygg, nakke og spelbein like heile kunne eg gli vidare på snø (kjøp aldri bruktski av underteiknede....). Eg tok hintet og la om til steggjern vidare nedover. Resten av vatnet drakk eg også opp.
Nede i Rondvassdalen kryssa eg spora til ei tremannsgruppe. Fortsette rett opp på andre sida etter eit lita matpause i herleg påskevær. Byrja med ski på beina men sida var glasert så eg fant raskt ut at steggjern var meir praktisk. Tom for drekke gjekk det tungt og treigt oppover. Kom meg etterkvart opp på normalruta til Veslsmeden frå Rondvassbu og her kunne eg følgje spora til ti til femten andre innover. Klokka var enda tidleg på eftan men alle folka var forlengst nede att så eg fekk toppen heilt for meg sjølv. Ikkje 100%Øyvindvær men meir enn bra nok for meg.
Svinga bortom Svarthammaren på veg ned. Tanken var å sleppe seg ned i Kaldbekkbotn men sida nedover var så glasert at eg tok normalruta istaden. Held meg innunder Svarthammaren og forsøkte å halde høgda mest mogleg utover mot Satansrivillen. Traff utruleg nok unormalt bra i forhold til brua over Ula og deretter var resten av turen berre sjarmøretappe nedatt til bilen. Svinga innom Statoil Otta og kjøpte eit betre måltid beståande av Maarud Ost & løk og ein liter Tine sjokolademjølk som deretter vart sett til livs i bilen på veg heim.
User comments
Missing title
Written by JPV100 28.09.2015 22:41Særdeles flotte og stemningsfulle bilder! Det er fint å berre ligge i posen og nyte utsikta ved slike høve, og kjenne meir og meir varme i ansiktet :)
Missing title
Written by Þróndeimr 28.09.2015 22:10Såg ut som en knallbra tur det her, flotte stemningsbilder! Kan ikke forvente kvalitetsøvn på slike turer, det er hvile som gjelder! :)