Mont Blanc Bom (27.07.2015)
Ascents | Mont Blanc (4,810m) | 27.07.2015 |
---|
Det hendte i dei dagar at det gjekk ut bod frå Høvding Ask på Gjøvik til Arne på Rena, Krokfot i Dalanes Dal, Morten på Fagernes og Øyvind i Drammen om at det skulle skrivast inn i manntalet på Mont Blanc. Men for å gjere ei kjapp historie stutt, etter endt akklimatisering vart dei fem vise menn samla i Chamonix.
Bodstikka gjekk og ryktet sa at normalruta på Mont Blanc var stengt på grunn av rasfare i Grand Couloir.
Stemninga var dyster men Øyvind tok grep og prata varmt, lenge og lengselsfult om Gran Paradiso som alternativ tur. Morten tok over og prata enda lengre og varmare om Dufourspitze. Mange andre forslag vart også lansert. Forslag med høg pf og stor status som fellesfaktor.
Til slutt reiste eg meg og tok ordet. "Folkens, vi veit alle at sånne åtvaringar berre gjeld amatørar og dilletantar. Ikkje garva fjellfantar som oss. Eg meinar vi skal dra opp å sjå på renna. Vurdere sjølve og når forholda garantert visar seg å være meir enn bra nok feiar vi opp og får toppen for oss sjølve."
Gruppa såg skeptisk ut og Morten svarte etterkvart. "Du forstår vel at dette vil koste oss to dagar uansett om det går eller ikkje? To dagar som kan brukast på Weisshorn eller andre kremtoppar?"
"Ta det med ro" svarte eg. "Vi kjem opp. Dette vil bli ein kjempetur." Gruppa var fortsatt ikkje overbevist men etter at eg hadde mast lenge og vel og til slutt gjekk ned og ba på mine tynne kne vart dei motvillig med.
Avmarsj vart sett klokka elleve morgonen etter. Vi skulle ta Tramway du Mont-Blanc ved eit-tida men etter at bil to med underteiknede som sjåfør hadde hatt ein liten ekstra sightsing i Les Houches vart togturen utsett ein times tid til neste avgang.
Etter forutsigbare åtvaringar frå billettbetjeninga og skeptiske blikk frå ei sjeldan stille og ettertenksom turgruppe byrja togturen oppover dalen. Ved endestasjonen venta ein parkvakt for å fortelje oss kor farleg det var og kor mange som hadde mista livet både her og der. Gruppa ville snu men eg klarte å overbevise dei om at det var berre skremselspropaganda. Vi la i veg og etter å ha bomma på ruta etter mindre enn 50 meter kom vi oss etterkvart også på rett veg.
Jørn var stadig vekk bortom oppover og lurte på "er du så sikker på dette her da? Vi kan fortsatt rekke siste bane ned og ta ein anna topp." Eg berolega han som best eg kunne og ferda fortsette oppover. Rett før ryggen etter Baraque Forestiere des Rognes drog det ut eit par ras i sida rett nordaust for oss. Fyrst eit mindre, so eit med noko meir masse. Nye skeptiske blikk mens eg forsøkte å sjå mest mogleg uskuldig og upåvirka ut.
Endeleg oppe ved Refuge Tete Rousse parkerte vi sekkane og rusla opp for å ta renna i augsyn. Fleire hevda dei allereie høyrte ras i renna men eg høyrte ingenting. Nokon fordelar skal ein ha med å være gamal og tunghøyrt...
Oppe ved renna vart det vanskeleg å fornekte virkelegheita. Stein i ymse dimensjonar hagla veggimellom med uregelmessige intervaller. Eg forsøkte ein kommentar med "Ja ja, vi fekk i alle fall ein fin tur, frisk luft og mosjon." Men det såg ikkje ut til at nokon såg noko humor i det.
Dei fleste var einige om å snu men no sette Arne seg på bakbeina. Når han fyrst hadde gått so langt kom det ikkje på tale å snu og vi måtte nesten bruke fysisk makt for å få han med ned att.
Nede att ved sekkane var det ei fortsatt stille men ikkje lengre like ettertenksom gruppe. Øyvind som eg i anledning turen diverre hadde anbefalt å gå til innkjøp av gåstavar har i utgangspunktet ei ganske stor slagvidde og utstyrt med nemnte teleskopstavar var rekkevidda smertefull lang. Eg fann det sunnast å lunte forsiktig eit godt stykke bak flokken resten av turen nedatt.
Nede ved Tramwayen hadde typisk nok siste tog gått ein halvtimes tid tidlegare. Eg tok hintet og rusla eit godt stykke oppoveratt i lia til ein stad dei ikkje kunne finne meg mens resten rulla ut liggjeunderlag og sovepose på plattningen utanfor billettbua. Ved togavgang neste morgon våga eg forsiktig å nærme meg gruppa. Dei hadde tydelegvis konferert og bestemt seg for å tone aggresjonen. Dei hadde hatt ei fæl natt med lite søvn og ei luftfuktigheit til å svømme i. Noko som hadde resultert i at alt var gjennomvått. Verst var det med Mortens værtette proff Canonkamera som hadde fått batterikammeret fult av vatn. Arne som la seg til under takskjegget på billettluka hadde fått soveposen full av vatn frå taket.
Eg tenkte det ville glede dei å høyre at eg hadde sove godt og sidan eg fant eit solid overheng å sove under var også alt utstyret mitt knusk tørt, men det gjorde det vist ikkje. Enda bra tramwayen besto av to adskilte vogner så eg kunne puste trygt ut i ei eiga vogn. Like bra at nøklane til eine bilen låg i sekken min elles hadde eg vel fortsatt stått på ein parkeringsplass i Le Fayet.
User comments
Huffa meg!
Written by dr_oyvind 09.08.2016 13:36Morsom og litt trist rapport ja. Vi var der i midten av juli 2014 med vellykket toppstøt 15. juli, og det i sol og vindstilla. Vi hadde masse snø i renna, det gjorde det langt enklere å beregne trygg vei mellom steinene som kom trillende ned renna. De kom ikke spesielt fort og lette å se. Så det kan være lurt å ta turen litt tidligere på året? Når vi var der var wiren på plass men stien gikk på et helt annet sted, så du hadde valget mellom å gå på fin sti usikret eller labbe ut i utråkket snø og være koblet til wiren med dertil lengere tid i faresonen. De fleste valgte det første, en tysker snublet og skled utfor stupet ikke langt bak oss. Vi ble heldigvis ikke vitner til ulykken, men så masse helikopter når vi var tett oppunder toppen av renna. Ufint. Cosmique-ruta er lettere men der er det store serakker som står å venter på deg. Det var her det datt ned en kjempeklump ca i 2011 og forårsaket en av tidenes dødligste ulykker i alpene.
Turoptimisme på høgt nivå!
Written by Eikås 24.09.2015 11:11Super hærleg lesning :) Bilda taler jo sitt og er som alltid kanonbra :) :)
LOL
Written by Julia 24.09.2015 10:52Tror ikke jeg har lest en så herlig turrapport før, Geir Arne! Bare den må jo ha vært verdt hele bomturen!
Men skriv gjerne også litt om de andre turene (eller var det bare den ene til Gran Paradiso?)! Gleder meg allerede...
Sv: LOL
Written by Garm 24.09.2015 22:06Sorry, kjem nok ikkje noko særleg meir frå Alpeturen frå denne kanten. Men Øyvind hadde vist litt på hjartet angåande Gran Paradiso. :)
Reine Asbjørnsen og Moe;)
Written by Atomsilda 22.09.2015 21:39Takk for artig rapport. Vekker både gode og ikke fullt så gode minner. Håper vi fikser denne toppen en annen gang...kanskje fra en annen kant!
Sv: Reine Asbjørnsen og Moe??
Written by Garm 24.09.2015 06:10I den grad du skulle meine noko er feil framstilt i rapporten må eg minne om at du byrjar å dra på åra mens eg er ung, kjekk og lovande med hukommelsen fortsatt på topp. ;)
Egen lykke er bra, men
Written by Olepetter 18.09.2015 10:32andre ulykke er heller ikke å forakte, heter det. Vi ønsker ikke bare suksesshistoriene, så dette var morsom lesning. Siste bildet var prikken over i-en.
Sv: Egen lykke er bra, men
Written by Garm 23.09.2015 18:26Som diskutert i helga, det hadde ikkje vært moro om alle fjellturane var plankekøyring heller. Lukke til med Mannen neste gong. :)
Utrolig bra rapport!
Written by Øyvindbr 17.09.2015 22:41Du er flink som eventyrforteller Geir Arne. :)
Håper vi får sjansen til "å gjøre denne rapporten til skamme" innen få år...
Kongerapport!
Written by Nils 17.09.2015 11:42Haha, for en vanvittig bra og underholdende turrapport! Sjelden jeg ser disse turfolka posere som de gjør på siste bildet... ;-)
Synd med bomtur.
Written by Snilen 17.09.2015 11:32Den dødsrenna er ikke å spøke med, helt sikkert en riktig avgjørelse å snu der. Det undrer meg at det ikke settes opp en hengebro over. En wire var strekt over der i juni, noen flere slike, og man har en bro. Var det ikke et alternativ å gå ruten fra Cosmiques-hytta? Den burde vel være trygg, og ikke så mye mer krevende. Selv har jeg ikke helt fått fordøyd de alpeturene jeg selv hadde i sommer, jeg var utrolig heldig med vær og føreforhold på de mest krevende toppene. Mont Blanc ligger der til en annen gang, det kommer nye muligheter....
Sv: Synd med bomtur.
Written by Garm 23.09.2015 18:25Stålwiren hang der no også, men kappa av steinsprang. Er vistnok planer om ein tunnel forbi renna på sikt. At dei måtte stenge renna i sumar framskyndar sikkert dei planane.
Sv: Sv: Synd med bomtur.
Written by Snilen 24.09.2015 10:27Da har det vært krefter i sving. Wiren virket tykk og solid og hang minst 3 meter over sneen ved sankthanstider. Må ha vært en diger blokk som kom ramlendes. Kampestein spretter ikke veldig høyt.
Sv: Sv: Sv: Synd med bomtur.
Written by Garm 24.09.2015 22:13Kampesteinane i den renna er nok da unntaket da dei verkeleg gjekk veggimellom. Som siste etternøler nedatt fekk eg med meg ei blokk med kanskje ein meter i diameter på veg ned i tilnærma overlydsfart. Blokka var utan bakkekontakt over strekk på minst 200 meter og dei gongane den sneia renna skifta den retning som ein sprettball.
He, he
Written by Naboen 17.09.2015 10:03Jævlig bra turrapport..!! Synd dere ikke kom opp. Latterkrampene begynner å gi seg nå.., etter å ha sett siste bildet..:) stakkars deg..:)