Vestkant weekend (03.06.2016)


Map
Ascents Lotsbergnibba (825m) 03.06.2016
Fekk ei melding frå Lotsberg om tur. Nokon nærma seg rundt tal på sin lokale vole og det skulle vist markerast. Tidlegare dårleg erfaring med dei Vestlandske furiane fekk meg til å lukte lunta og dimed takke høfleg og bestemt NEI!
Stoltheita over meg sjølv for at eg for ein gongs skuld stod opp for meg sjølv å tok eit klokt val vart raskt pulverisert da det i ein bisetning vart nemnd at sjølvsagt ville det vanke kake på toppen. Så da var det berre å rusle slukøyra ut i bilen å vende panseret vestover.
Garm_20160712_57854c01687e2.jpg

Sørga for såpass sein ankomst at det ikkje vart tid til tur fredagskvelden, men forstod fort den taktikken var bom da eg svinga inn på plassen til Boven & Fruen.
"Finn fram sko og sekk, turen går no" var beskjeden eg fekk før bilen var stoppa og dei sedvanlege høflegheitsfrasane utveksla. Ja ja, eg fekk skulde meg sjølv. Eg burde vist betre...
Tre minutt seinare var vi på veg oppover lia. Lise la lista og det var ikkje noko forsiktig oppvarming der nei. Verken vestlendingane sjølve eller fjella deira inspirerer til noko langsamt preludium som byggjar seg opp med eit intenst crescendo til eit mektig og heftig klimaks.
Neida, der er det rett på, rett opp, fortast mogleg, hardast mogleg. Wham bam, thank you ma'am!
Tok etterkvart att eit par andre stakkare oppe i lia. Det viste seg å være ein kollega av Lise med følgje som Lise hadde overtala til å forsøke denne toppen. Dei såg ikkje ut til å føle seg noko mindre ute på viddene enn meg...
Lise veksla eit par ord med dei før ho ila vidare. Eg forsøkte desperat å dra ut tida med eit par setningar, men hadde ikkje pust nok til å formulere noko fornuftig (truleg også stor manko på oksygen til hjernen). Paret stira berre uforståande på meg og gryntinga mi så eg tok hintet og lunta etter galehuset som forsvann vidare opp gjennom lia.
Hadde planlagt klapping når Lise entra varden for 300'de gong, men istaden fekk ho ta til takke med ein trommesolo frå blodpumpa der eg låg att som eit slakt eit stykke ned i lia. Fekk etterkvart karra meg opp til varden der eg fekk servert eit svært godt, men akk så lite kakestykke. Heldigvis hadde eg tilfeldigvis litt whisky til Lises store glede.
Eg foreslo også for Lise at sidan Arne Randers Heen gjekk i blinde det siste stykke opp på Romsdalshorn etter mindre enn 233 turar burde jo ho også dra same stuntet som tross alt hadde runda 300, men fekk lite gehør for den ideen. Når ein ser på seinare turar ho har teke til Lotsbergnibba var det kanskje like bra og...

Signerte boka før vi returnerte. Det var stort sett berre eit namn som gjekk att.
Bad pent om at vi skulle ta det litt roleg nedover, men den anmodninga vart glatt ignorert og ikkje lenge etter var vi nede att.

Garm_20160712_57854e83da56b.jpg

Laurdagen var det Ove sin tur til tur. Lise hadde mørna meg godt opp så eg bad om ein liten, kjapp og enkel tur. Ove meinte han hadde den rette kandidaten: Gjegnen.

Garm_20160712_5785520895118.jpg

Etter ein liten køyretur der Ove nytta tida til å forbanne ymse danskar og svenskar ankom vi parkeringsplassen ved Hope. Turen byrja langs ein traktorveg oppover sida og eg kunne konstatere at definisjonen på vestkantterreng stort sett kunne begrensast til ulike bøyingar av ordet bratt. Hovudsakleg komparativ og superlativ forma.
Forsøkte å henge på oppover (mitt evige refreng), men måtte etterkvart konstatere og kommentere at fyren framfor ikkje var sveitt ein gong. Svaret kom fort. "Sveitt? Må ein ikkje ha høg puls for å bli det da?"
Frekke f**n! Hadde eg hatt kreftar til det og hadde det ikkje vært for at eg ville fått juling sjølv skulle han fått ein på trynet for den.
Vi braut av traktorvegen der den flata ut litt og fortsette oppover eit fint og idyllisk råk opp til Lavestein. Eit råk som skulle vise seg enda betre på returen da vi fekk fullt utsyn utover.
Oppe ved Lavesteinen (spurte etter Høgesteinen, men fekk berre eit surt blikk og ikkje noko svar) kunne vi spenne på oss skia å byrje å bevege oss sånn som menneska er meint å bevege seg. Drog fyrst litt vestover før vi gjekk rett opp det brattaste partiet. Når det etterkvart flata ut litt la vi kursen rett mot Gjegnabu, men måtte svinge over og rundt eit stort sprekkområde.

Turen gjekk vidare med mi evinnelege syting over høgt tempo, men fant det like greitt å halde kjeft da eg fekk beskjed om at så lenge eg hadde pust til å klage såg ikkje Ove noko problem. Ove hadde tenkt rute opp hyllesystemet under Gjegnen. Ein kikk på kartet kvelden i forvegen fekk meg frå den tanken og no når vi kunne ta ruta i augsyn var også Ove einig.
Stogga på Gjegnabu og tok noko mat mens vi undra oss over namnesettinga på vatn i området.
Kikka også på det geologiske fenomenet konglomerat som var vanleg heile vegen frå Lavestein til toppen, artig.

Hadde observert at Ove gjekk å stura på noko denne helga og no kom det: Du den Haldorsaken du vitja nyleg, den har vel ikkje 500 meter i pf den?
Eg vart jo overraska å protesterte, men Ove meinte han hadde sjekka skardybda og på dei nye(dr*tt)karta var det så nøyaktig at ein kunne telle meterskotane. Eg meinte det var dårleg gjort av han som sjølv går å vassar i 500 metringar å ta frå oss som nesten ikkje har nokon ein, men fekk ikkje noko sympati. Andre argument og forsøk på å appellere til hjarta falt også på steingrunn. Mannen hadde bestemt seg. Til slutt såg eg ingen anna råd å truge med at om han så mykje som såg skakt på Haldorsaken ville eg degradere pf'en til Gjegnen til ein meter på peakbook. Dette stogga kjeften på ham og temaet kom heller aldri oppatt.
Men merkeleg nok hadde han no fått nok av matpause og solsleiking ved Gjegnabu å ville vidare. Hylleplanen var begravd så da stod det berre ein liten marsj opp breen att.
Eit stykke oppe på breen forsøkte eg å gjere eit poeng av at tempoet var meir enn bra nok og no hadde eg ikkje klaga på lenge. Svaret eg fekk var at så lenge eg ikkje klaga såg ikkje Ove noko problem. Damned if you do, damned if you don't...
Men alle lidingar har ein ende og etterkvart entra vi toppen. Det var til og med så godt vær der at Ove bevilga seg to minutt pause før ADHD'n slo ut.

Garm_20160712_578557a136444.jpg
Garm_20160712_578558022e9c4.jpg
Garm_20160712_5785585280f61.jpg
Garm_20160712_578559795cdb1.jpg
Garm_20160712_57855be03a77d.jpg
Garm_20160712_57855c2e993fb.jpg

Skal ikkje skryte altfor mykje av glien nedover. Sugeføre dekker vel det meste. Svippa innom topp punktet ved Gjegnabu på retur før vi seig nedatt til Lavesteinen. Her venta fjellskoa og fottur nedatt til bilen. Is etter nedkomst vart eg nekta da Boven hadde det travelt med å rekke ei ferje som ikkje gjekk.

Garm_20160712_57855d242c39e.jpg
Garm_20160712_5785677806cb8.jpg




"Reis vest, livet er fredfylt der" syng Village People. Vel, dei har aldri vitja Lotsberg. Sundagen var igang og her var det ikkje prat om å halde kviledagen heilag. No var det opp til Lise å settje inn nådestøtet for å avslutte lidinga. Åstaden skulle vist bli Kvitegga.
Fekk ein noko sein avmarsj opp mot Snødalen. Ski på sekk til over tregrensa.

Garm_20160713_5785687cbd2b2.jpg
Garm_20160713_578568e01c39d.jpg
Garm_20160713_57856936368bc.jpg
Garm_20160713_57856a3803262.jpg

Fortsette å ta høgdemeter jamt og trutt etter at vi fekk spent på oss skia. Ved fyrste matpause viste det seg at eg hadde "gløymd att" all maten i bilen. Trur Lise kjøpte bortforklaringa mi og ikkje forstod at maten var dumpa med hensikt for å spare vekt. Dimed kunne eg snylte på Lise's matpakke vidare å spare vekt i eiga sekk. Genialt!
Bortsett frå at det ikkje hjalp så mykje, ho gjekk fortsatt frå meg.

Vi krangla litt om vegvalet opp frå salen ved Blåfjellet og enda opp med å gå rett på. Bakken vart brattare enn venta og eit lite parti oppe i sida var mindre triveleg. Lettelsen var stor da det endeleg vart slakare terreng. Diverre var gleda stuttvarig. Rett innpå støtte vi på ein djup tverrgåande sprekk som vi ikkje kom over. Forsøkte fyrst nordover, men det enda opp nede i bratta att. Deretter sørover, noko som også vart bom da det enda opp i skavelen ut mot Snødalen. Eg hadde sett fram til å køyre ei stor runde rundt lenger sør for å unngå den bakken på retur, men innsåg nå vi måtte ned same veg vi kom. Det føltes noko ubehageleg og det verka ikkje som om Lise var altfor komfortabel med situasjonen heller. Ubehaget forsvant heldigvis idet fellane var plukka av og skituppane tippa over kanten ned bratta att.

Lise kom snart etter ned å foreslo ein tur bort på Blåfjellet som plaster på såret da Kvitegga ikkje lengre framstod realistisk. Blåfjellet var dessutan ein svært fin utsiktstopp som knapt nok nokon peakbookarar hadde vitja kunne ho fortelja (18 medlemmar Lise, 18 medlemmar!). Som sagt så gjort og resten av Lises mat vart konsumert ved varden ei lita stund seinare.
Garm_20160713_578573bd78a61.jpg
Garm_20160713_5785743a2d49f.jpg

Frå varden på Blåfjellet fekk vi også betre oversikt over sida vi nyst hadde forsøkt oss på og det viste seg å være farbart nokre meter lenger nord i sida. Lise ville straks gjere eit nytt forsøk, men eg såg moglegheita til å late dagen med livet i behald å nekta plent. Merkeleg nok fekk eg viljen min så da vart det sugeføre nedatt til skoa. Denne dagen derimot vart eg ikkje nekta is, lang isstopp i Grodås. Og seinare i Stryn, på Grotli, i Bismo og Lom.

Garm_20160713_578574da02ec7.jpg

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Mayhassen 15.07.2016 09:51

    Finfin lesing til morgenkaffen Garm :) Her i Lofoten tas livet med ro, blir betydelig mer kaffe enn fjelltopper!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Garm 16.07.2016 12:03

      Takker.

      Håpar dykk har like elendig vær i nord som her sør så all kaffedrikkinga er velberettiga. :)

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by ligroenb 13.07.2016 22:12

    Gjentas gjerne !!!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by Garm 16.07.2016 12:05

      Forundrar meg ikkje. :)

      Må vel få gjort noko med den Kvitegga etter kvart...

  • -
    avatar

    Litt morro og

    Written by boven 13.07.2016 19:47

    Opp i all denne lidinga må det meldast frå oss her på berget at vi hadde det iallefall kjekkt, og sette pris på ditt besøk.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.