Leirungstinder (20.04.2013)
Ascents | Austre Leirungstinden (2,288m) | 20.04.2013 |
---|---|---|
Nord for Austre Leirungstinden (2,260m) | 20.04.2013 | |
Midtre Leirungstinden (2,130m) | 20.04.2013 |
Hadde gått og hangla på jobb heile veka og med yr.no sitt varsel for helga kom ikkje fredagens telefon som nokon stor overraskelse. Da resten av turfølge også var i noko sjaber form fekk eg ymse lovnadar om stutt tur med bedageleg tempo og naiv som eg er lot eg meg sjølvsagt overtale.
M&S overnatta på Valdresflya Vandreheim og plukka opp meg ved Maurvangbommen klokka sju om morgonen. Flaks skulle det vise seg da vegen ikkje opna før langt på dag på grunn av uvær. Tilsvarande uflaks for dei stakkarane som møtte til stengt bom klokka åtte.
Lovnadane om bedageleg tempo holdt vel omlag ned den lille bakken ved Heimdalsmunningen før det vart erstatta av det sedvanlege rutetempoet. Turen bar inn gjennom Leirungsdalen i vekslande vær. Til tider strålande sol men meire og meire vind etterkvart. For å halde oppe motet innover underhaldt Signar med silly walk på ski, ymse sanger og toppa etterkvart det heile med mesteparten av reportoaret til Justin Bieber. Kven skulle trudd at guten var ein ihuga Belieber?
Oppover ryggen på vestsida av tjern 1636 tiltok vinden samtidig som ein satan herja vilt og hemningslaust med eit trykkluftbor i vakumet mellom øyrane mine. Vi tok ei rådslagning i stormkasta og sjølv om alt i meg skreik snu, svarte eg at det går vel, da eg satsa på at Martine som heller ikkje var heilt i form ville trekke ut pluggen. Feilkalkulering av dimensjoner…
Det bar videre oppover men no vart været betre og betre samtidig som kamera vart flittigare brukt. Vestre Leirungstind såg heftig ut frå her men også Kvitskardstind, Torfinnstindane og fleire andre såg heilt greie ut frå denne kanten.
Svima innom Nord for Austre og returnerte kjapt til Austre og tok ei lita matpause nedunder toppen.
Ferda gjekk videre til Midtre Leirungstinden før vi glei ut att Leirungsdalen mens M&S gjekk gjennom det meste av barnetvsanger frå 80-tallet. Enda godt flya var stengt så det var begrensa med publikum i Leirungsdalen denne dagen, men fjellfrans, rype og melrakke undrast nok fortsatt.
User comments
seeing is beliebing
Written by Signar 29.04.2013 11:18Nå skal det for ordens skyld påpekes at jeg kan halvparten av ett refreng fra en Biebersang, men hvis interessen er tilstrekkelig skal jeg ta personlig ansvar for å utvide repertoaret betraktelig.
sådetså! :)
Sv: seeing is beliebing
Written by Øyvindbr 29.04.2013 15:40Det var godt å høre halvparten av svaret! :) :)
Missing title
Written by Øyvindbr 28.04.2013 22:16Jeg er særdeles lite troende, og Gjendealpene gir meg helt andre musikkassosiasjoner! Men Signar er jo så sprek at jeg ikke kunne stikki av for å slippe å høre Biebersynging, så jeg måtte nok ha sakket ekstra akterut med vilje istedenfor. :)
Austre Leirungstinden er en av mine definitive utsiktsfavoritter!!
Fine bildo
Written by mortenh 27.04.2013 06:46Skikkelig fine bildo Geir Arne. Detta kan du. Blant flere likte jeg godt de små skiløperne mot M og V L.
Fargerik habbit på nordlendingen på toppbildet også, men seigmannen lyser enda mer!
Ikke veldig misunnelig på den akustiske opplevelsen din, men det skal vel mer til for å knekke en sindig Døl?
Sv: Fine bildo
Written by Garm 28.04.2013 10:47Takker & bukker. Takknemleg oppgåve å være fotograf på sånne dager, berre å vende kamera i ein tilfeldig rettning å brenne av så vert somregel noko av det ok.
Har forsøkt å leggje inn kommentarer på bileta og rota det litt til, har ikkje tid til å rette det no. Har du nokre tips til korleis ein enkelt legg inn kommentarer på bileta i etterkant?
Sindige døler er også veldig tunghøyrte så det går bra.
Sv: Sv: Fine bildo
Written by mortenh 28.04.2013 18:30Morsomt å se hvordan Peakbook kan rotes bra til med litt sindig Dølawikikode. Har etter beste evne forsøkt å rette det for deg.
For øvrig ingen annen enkelt måte å redigere bildetekst i etterkant p.t. enn manuelt å redigere i wikikoden |bildetekst
Men ved stor etterspørsel og nok midler, kan man sikkert tenkes å lage en mer intuitiv bildetekstredigeringsmulighet i fremtiden.
Sv: Sv: Sv: Fine bildo
Written by Garm 01.05.2013 08:22Morten: Om du skulla ha liggjande eit eksemplar av den boka som kom før Data For Dummies er det berre å sende den over til ein sindig døl... :-D
Signar: Ingen grunn til å være beskjeden no. :)