Steinkyrkja (23.06.2013)
Visits of other PBEs | Steinkyrkja | 23.06.2013 |
---|
Det er nokre år sidan eg høyrte om Steinkyrkja fyrste gongen og da historiane har variert frå "fin trimtur" til "verste eg har vært med på" har det pirra nyskjerrigheita litt.
Med Geir på besøk i helga var det lite freistande å dra på langtur men da det letta litt opp sundagen framstod Steinkyrkja som eit raskt og godt alternativ.
Kikka litt på kart men fant ikkje nokon råk opp. Tok difor ein liten tur opp mot Vågårusten for å sondere terrenget. Allereie eit parhundremeter oppover fv438 kjem Steinkyrkja prektig til syne. Vurderte rute opp eit lite skar frå denne kanten men forkasta det til fordel for ryggen frå austsida.
Parkerte ved fotballbana på Nord-Sel og tusla nordover Skulevegen. Fant ein undergang under jernbana og fulgte råk søroveratt på andre sida. Råket kom kjapt inn på ein traktorveg som vi fulgte nordoveratt men allereie før 100 meter var gått gjekk det av eit råk frå traktorvegen og oppover lia. Råket gjekk i rett retning (oppover) så det var berre å leggje i veg. Bratt men godt råk oppover.
Etter å ha donert ein del blod til dei lokale enda råket og vi opp på stupkanten på vestsida av Steinkyrkja. Her var det postkasse med turbok og noko turpoststyr.
Forsøkte å ta oss rett ned til Steinkyrkja men ga opp den. Måtte istede 100 meter nedoveratt langs råket til ein varde som vi sikta oss rett inn på Steinkyrkja frå. Grov, våt, laus og glatt ur bort til Steinkyrkja før vi stod under den. Utan sikringsutstyr var det begrensa med alternative veger opp. Hadde sett meg ut to moglege ruter oppe frå kanten men nede i skaret var det berre ein "kanskje" att. Steinen var tekt med mose og lav. Kombinert med store nedbørsmengder siste par døgna og glatt gummi på skoa nøya eg meg med eit par dårlege forsøk før eg ga opp.
Turfølge ville dog forsøke og smatt opp på ein-to-tre. Eg kunne ikkje være noko dårlegare så da var det berre å stavre seg opp. Seks til sju meter med i utgangspunktet svært enkel kliving. vart forsert på svært lite elegant vis. Men kven bryr seg om teknikk så lenge ein kjem opp?
På toppen vart det ei lang fotopause og nyting av utsikt. Artig formasjon.
Kravla etterkvart nedatt og rusla nedatt til bilen.
Til tross for regnhelg hadde vi solskinn mesteparten av turen mens regnet fossa ned i områda rundt oss.
User comments