Storsmeden (21.09.2013)


Map
Ascents Storsmeden (2,016m) 21.09.2013
Storsmeden Nord (2,001m) 21.09.2013
Sørøst for Veslesmeden (1,871m) 21.09.2013

Værmeldinga var litt so som so men M&S ville på tur. Eg lot meg overtale og da værmeldinga begunstiga Rondane mest gjekk turen dit. Har tidlegare stilt heimen min til disposisjon med kost og losji men det var fyrst no med Rondane som mål det vart aktuelt.
M&S kom oppover fredagskvelden til lufta av nybrent middag og da også pizzaen eg hadde satt på til dei vart svidd vart eg ekskludert frå kjøkkentjenesten resten av helga. Ikkje ein gong inn og utrydding av oppvaskmaskina vart eg tiltrudd.
Laurdagen kom og vi stod klare på Spranget i strålande vær. Einaste skår i gleda var eit ondskapsfullt torturinstrument av dimensjoner som var rekvirert for å frakte oss innover. Det er totalt uforståeleg for meg kvifor nokon tok seg bry med å finne opp sykkelen (har googla han, han slo kjerringa si), enda mindre forståeleg kvifor nokon gidd å bruke dette nidverket (men det løysar vel seg sjøl gjennom naturleg seleksjon da bruk av dette framkomstmiddelet øydelegg forplantningsevnen til brukaren) og minst av alt forståeleg at eg lot meg overtale til å ta den i bruk (stikkord: alkohol/bevistlaus i gjerningsøyeblikket).
Sykkelen skuffa ikkje og allereie opp fyrste bakken hoppa kjedet av og kila seg bom fast inn mot navet. Etter eit lite helvete inn mot Rondvassbu kunne eg endeleg legge i veg og bruke beina på den måten dei er meint til å brukast.
Dagens mål var Smedtraversen som ei reprise av vår fyrste tur to og eithalvt år tidlegare ( http://peakbook.org/tour/11205/Veslesmeden+-+Travers+-Storsmeden.html ).
Litt før Søraust for Veslesmeden nådde vi snøgrensa. Det hadde skya litt på men var fortsatt nydeleg vær. Veslsmeden vart droppa for å spare tid og vi la iveg utover ryggen mot Storsmeden. Noko kjedeleg gjennomslagsføre men ellers fint.

Ved foten av Storsmeden valgte Signar ei rute litt ut på høgre sida for å få litt klatring mens eg og Martine gjekk normalruta opp. Smedtraversen gjekk relativt greit oppover men midt oppe i sida skya det plutseleg til. Fasinerande ljosforhold med sola som av og til klarte å bryte litt gjennom men lite sikt videre. Vi var likevel so langt oppe at det var betre å gå over toppen og nedatt på vestsida. Kaldt på toppen so det vart ikkje lange pausa der.

Ned mot bandet letna det litt oppatt og da vi kom ned i Fremre Kaldbekkbotn var været såpass bra at Martine gjerne ville ha med ein tur ut på ryggen frå Steet også. Eg og Signar var skeptiske men Martine hadde bestemt seg. Valet falt på ei renne oppover. Signar forsvant ut i brattare terreng på sida og Martine la inn høggire oppover. Eg forsøkte å halde følge men var sjanselaus. Tok ho att oppe på ryggen der det vart ei pause og etterkvart kom også Signar ranglande nedover frå ryggen mot toppen. Vi gjekk samla ut mot 1794 punktet og svingte so ned rett sørover frå det.

Ut langs Kaldbekken var det berre å nyte promenaden mest mogleg før ein måtte utsette seg for torturetappa frå Rondvassbu og nedatt til Spranget.

garm_img_2890.jpg
garm_img_2893.jpg

Sundagen stod vi atter klare på Spranget men sidan vi berre skulle ha ein stutt tur falt valet på Storronden. Lidelsen inn mot Rondvassbu var enda verre enn dagen i forvegen men etterkvart tok grusvegen slutt og vi kunne ta fatt på den ordentlege turen.
Opp mot Rondholet vart vi gåande bak tre andre tinderanglere. Vi forsøkte å underhalde dei som best vi kunne med allsang men dei var lite takknemlege. Popsanger, visesanger, salmer og masse anna vart forsøkt utan hell. Til slutt forsøkte vi den mest kjente kjente songen frå filmklassikaren Med Grimm & Gru. Og mens tonane frå "Mommy's Home" vakkert klang over fjell og vidde auka tilhøyrarane våre farten betraktleg og forsvant utan so mykje som å sjå seg tilbake.
Vidare innover såg været betre ut på Svartnutsida so da kutta vi ut Storronden og gjekk rett på Svartnut istaden. Småglatt opp sida til Svartnut men vi tok oss opp på spissen ut mot Rondvatnet og fortsatte ryggen innover mot toppen.

garm_img_2919.jpg
garm_img_2938.jpg
garm_img_2967.jpg

Brukbart vær på toppen so vi tok ei lita pause før vi fortsatte. Sidan eg kanskje mangla Vinjeronden Nord vart den no lagt inn som turmål. Både Vinjeronden sjølv og Nordtoppen var gråe og hustrige opplevelser so vi drøya ikkje. Ned mot bandet mellom Vinjeronden og Storronden klarna været opp og det vart fint. Hadde det ikkje vært for at dr*ttsyklinga utatt surra i bakhovudet hadde det vært nydeleg. Martine foreslo å ta med Storronden likevel og sidan eg ville utsette torturen lengst mogleg var eg raskt einig.
No fekk eg oppgåva med å trakke spor oppover men etter 100 meter var det klart at eg ikkje holdt høgt nok tempo. Enda 100 meter seinare forsvant turfølge som to prikker mot horisonten.
Vi tok ei lang pause ved varden på Storronden. Kaldt, men sol og le gjorde det rett so fint.

M&S ville etterkvart nedatt men eg var desperat etter å utsette sykkeltorturen. Genialt nok kom eg på at eg mangla Rondvasshøgde bortover so da var det berre å leggje i veg mot dei. Nydleg vær, nesten t-skjorte tilstander nedover mot Sørvest for Storronden men so fort eg var nede på ryggen bles det opp og det vart veldig tungt gjennombrotsføre bortover. I tillegg byrja biverknadane frå syklinga å gjere seg gjeldande i form av gnagsår på dei mest unevnelege stader.
Stivbeint stavra eg meg bortover, topp for topp mens klokka gjekk altfor fort. Været var veldig varierande. Det veksla konstant mellom strålande sol og bitande vind. Ned frå Rondvasshøgde Aust 2 hadde eg sett meg ut ei grei rute ned i Illmannsdalen.
Veslsvulten vart droppa da det byrja å myrkne. Gjekk ned mot tjern 1463 og viare ned i Illmannsdalen. Nesten nede ved råket gjennom Illmannsdalen tok eg opp eit rupekull på fem stykk. Bortsett frå spor på toppen av Svartnut var det dei einaste eg såg iløpet av to dager i Rondane. Svært skuffande.
Det var bekmørkt lenge før eg kom fram att frå Illmannsdalen og eg håpa difor i det lengste at eg ikkje skulle klare å finne att sykkelen i myrkre. Dette skar seg jo sjølvsagt glatt da eg gjekk på tryne i noko skranglate satansverk akkurat idet eg ga opp søket og skulle til å leggje i veg til fots.
Deretter var det berre å trakke seg nedover att til Spranget som ein anna pedal Jesus.

garm_sykkel.jpg

User comments

  • -
    avatar

    Rondane..

    Written by Atomsilda 07.01.2014 21:03

    Artig rapport og fine bilder!! Tror nok du må kjøpe en skikkelig sykkel Geir Arne!! Bra trening.. og du kan fort bli hekta ;) Kanskje du kan gruse disse to sprekingene etterhvert...

    • -
      avatar

      Sv: Rondane..

      Written by Garm 09.01.2014 21:31

      TRENING??? Dont get me started on that s**t!!! :D

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.