Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Hjerskavlen
- Date:
- 07.12.2011
Bestemte oss etter jobb for å ta ein gåtur innpå Hjerkinn. Køyrte sørover E6 over Dovrefjell da Hjerskavlen dukka opp og introduserte seg som eit sjølvsagt turmål. Parkerte bilen og la i veg ved nitida. Hadde gløymd hovudlykt men månen kompenserte til gagns. I byrjinga var det vassing i lyng og snø til knærne, men når vi kom opp på sørvestryggen var det avblåst og for det meste bar mark. Stort sett skyfrie forhold bada Snøhetta, Stor Stygge, Kolla, Knutshøer og ein drøss andre topper i måneljos. Diverre låg kamera att på brakka... Etter ein kjapp marsj (med innslag av springmarsj) nedatt viste klokka 22.20 ved ankomst til bilen.
Soleibotntindtur
- Date:
- 12.11.2011
Byrja frå parkeringa ved Tverrelvi rett før åtte saman med Martine og Signar (Signar Andre Nilsen) . Planen var Store, Søre og Nørdre Soleibotntind. Brukte ein time og tre kvarter opp til Store på hardt skareføre. Brukte taug ned i skaret til Søre. Lurte litt på vegen ned, fant nokre varder her og der men vinterføre gjorde sumarruta kronglate. Sikra med taug opp mot Sørøst for Store frå skaret. Kjapp visit på Sørøst for Store før vi drog videre mot Søre. Steggjern og isøks ivrigt brukt bortover sida, lett lite klivepunkt ned eit hakk rett før store. Så relativt enkelt opp til Søre. S3 vart dumpa denne gongen da den ikkje ein gong oppfylte pf10 krava. Kaldt og surt i Hurrungane i dag så solpausa vart stutt. Gjekk attende og tok to rapeller ned i skaret langs vardane. Fyrst nokre meter med frikliving opp mot >>>
Falketind via pionerruta
- Date:
- 17.09.2011
Etter eit besøk på Falketind i fjor har pionerruta stått høgt på ønskjelista så da Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine annonserte sine planer for Falketind var eg raskt ute med å melde min deltakelse. Har vært med Signar på nokre turer no og trudde eg kjente han godt nok til å vite at enklaste veg utgjekk, ergo var kun pionerruta aktuell. Men dengong ei. Snø i Heimen hadde fått Signar på andre tanker og ein ny tur inn Morkadalen stod klar. Falketind er no likevel ein kremtopp og i tillegg mangla eg Stølsnostinder så å trekke seg var uaktuelt. Vi møttes på Tyinholmen halv ni laurdagsmorgonen og turen gjekk raskt inn til Koldedalsvatnet på bra veg. I tillegg til meg, Martine & Signar hadde også Janne frå Jølster og Johan frå Oppdal valgt å slå følge på turen. Inne i Koldedalen oppdaga vi raskt at >>>