Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Advertisement

Favourite trips

Gråhøe i Reinheimen

Date:
28.01.2012

Martine & Signar (Signar Andre Nilsen) byrja å gå tom for enkelt tilgjengelege 2K topper og i den forbindelsen vart blikket vendt mot Reinheimen og Gråhøe i Reinheimen . Dei fleste turrapportane frå desse strøka fokuserar mest på laaang innmarsj og begrensa alpint landskap. Turstemninga var difor ein anelse avmålt og toppen i stor grad sett på som ein nødvendig onde for å få fullført ei viss liste. Litt frustrerande for meg som kjenner Lordalsområdet frå tidlegare etter å ha jakta litt der og difor trivast godt der men sånn er det no ein gong. Dagen ga meg dessuten ei lita oppreisning skulle det vise seg. Parkerte ved Billingen og la i veg litt før åtte. Hardt skare/skavleføre gjorde det enkelt å gå innover. Kryssa Torda på bru og gjekk opp på vestsida av Store Føysa. Etterkvart kryssa vi også Store Føysa og fulgte Skarvedalen >>>

Map     4 comments

Storivilen, Moldulhøe & Hesthøe

Date:
22.01.2012

Klokka var litt over sju om morgonen og vi hadde lasta over ski, utstyr og personell til min bil for videre transport innover mot Lundadalen. Etter eit parhundremeter hjalp det imidlertid ikkje lengre med firehjulstrekk. Bilen vart parkert på stor oppbrøyta plass og skia spent på. Fulgte skiløype nokre hundre meter til vi kom til ein skogsveg som kryssa oppover langs Lenda. Vant raskt høgdemeter til skogsvegen brått enda litt oppi lia. Videre oppover var det vassing i pudder. Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine hadde berre stuttfeller og valgte difor ski på sekk forbi det brattaste partiet. Etter om lag 600 høgdemeter var vi endeleg oppe over skoggrensa og kunne ta ein kikk på to av dagens turmål, Storivilen og Moldulhøe . Nordsida av Storivilen såg svært steinate ut så vi gjekk opp på vestsida av Lendholet. Turen oppover var ikkje >>>

Map     6 comments

Anaripiggen

Date:
15.01.2012
Map    

Koloberget

Date:
14.01.2012
Map