Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Smørstabbrunde
- Date:
- 01.05.2012
Tanken var å køyre kubikktog rundt Mjøsa 1. Mai men eit flatt batteri satte ein effektiv stoppar for det. Så etter at den detaljen vart oppdaga eit godt stykke utpå mandagskvelden var det berre å hoste opp ein alternativ plan. Vrei ikkje hovudet mitt så veldig lengje før topptur slo meg og valget falt raskt på Smørstabbområdet. Byrja å rote fram litt utstyr. Fjellskia mine var til reperasjon så eg måtte bruke tungt telemarksutstyr istaden. Dei som kjenner meg og veit kor pedantisk eg er på gramjakt i turutrustninga forstår at dette var litt kjedeleg for meg. Siden værmeldinga for ein gongs skuld var over gjennomsnitt positiv vart også litt solkrem gravd fram og dytta i sekken. Etter ein mindre forsovelse og påfølgande sein ankomst til Krossbu kom eg langt bak i rekka >>>