Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Storskrymten
- Date:
- 29.03.2013
Hadde sett for meg Storskrymten som ein to eller tredagerstur med overnatting på Åmotdalshytta, noko eg også hadde forsøkt tidlegare men værvarselet var greit og Skrymten hadde stått på ønskjelista mi lenge så under vurdering av turalternativ for komande dag enda eg raskt på den. Som sagt så gjort. Klokka sju dagen derpå stod eg klar ved parkeringsplassen etter ei dyr bompassering. Det var femten blå da eg reiste frå heime men her var det nok minst det dobbelte. Pakka meg inn og la iveg innover Skamsdalen. Litt svak vind gjorde kulda ekstra grusom. Gjekk på det eg makta for å oppnå litt varme men med begrensa resultat. Kulda gjorde at det ikkje var så mykje tid til rutevurdering ved Skamsdalssætrin. Spor gjekk opp både på aust og vestsida av Jori så eg valgte sumarruta >>>