Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Dumhøe & Skardstinden
- Date:
- 22.07.2013
Skardstind er ein luggum topp og med yr.no i godlune var det berre å sette kurs mot Leirdalen. Kom seint igang, gjekk frå Geitsætra når klokka var godt over tolv. Fulgte råk oppover mot Raudhamran men mista det etterkvart. Turfølge hadde gått Skardstind før og planla difor å fylle vatn i eit av vassiga oppe i sida, noko som sjølvsagt vart gløymd. Svingte bortom toppen av Dumbø og traff der eit par frå Vågå. Mannen fekk feira sin 102'de 2000-meterstopp (truleg etter pf 30 lista) med seigmenn. Rusla videre til Vesttoppen på Skardstind der vi tok ei lang skravlepause. Vågåparet ga seg med den da kliving ikkje var noko interessant for dei. Vi var spente på videre og fortsatte difor. Fyste hammaren omgjekk vi ute på høgre sida heilt problemfritt. Fulgte rygg litt oppatt og traverserte >>>