Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
Favourite trips
Favourite peaks
Kalverunde
- Date:
- 22.11.2014
Den siste tida har enkelte tapetsert peakbook med herlege turrapporter frå flya der vi tåkebuarar kan skue himmelrike over skyane. Det er ikkje til å stikke under ein stol at ein etterkvart vert litt skeptisk til gull og grøne skogar tendensane når ein sjølv samstundes sitt nede i bygda og kopar inn i ein grå vegg. Så difor var det no på tide å ta turen opp for å kontrollere dei faktiske forholda. Var det reelt eller har forfattaren berre vert heldig med ein tur som han kopierer oppatt og oppatt i forskjellige versjonar? Nuvel, utstyret vart stasja inn i bilen og kursen lagt oppover mot høgda. Kvelden i forvegen hadde dårlege bekjentskapar prakka på meg altfor mykje raudvin så eg stilte ikkje akkurat fyrst i køa ved val av parkeringsplass ved ankomst vandreheimen. Høg sponsorklistermerkefaktor >>>