Store Nup (12.10.2014)
På impuls blei det tur til Store Nup 1693 m.o.h. Store Nup er den nest høgste toppen på Hardangervidda. Utganspunktet for turen er støylane ved Ulevåbotn på Haukelifjell. Gjekk opp skaret/røysa, å det var ein tung og strabasiøs tur. Feilvurderte snømengda, nedanfrå såg det ut som eit melisslør men det va nok 20-30 cm og skavlar. Skaret er bratt, veldig bratt og steinete, så her er gode sko alfa omega ;-) Utsikten på toppen er fantastisk, rakk å ta eit par bilder før me måtte ned igjen. Litt stressa pga kveldsmørket kjem fort nå i oktober. Men me var nede i god tid før det blei mørkt.
På turen var bordercollien min Kira med, ho sleit frykteleg på toppen av skaret, datt gjennom snø og stein.
På Haukelisæter sine heimesider er det anbefalt å gå Nupsdalen inn og opp på baksida, korleis den turen er veit eg ikkje, men det eg veit er at du bør vera i god form for å ta skaret opp.
User comments