Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Smørlifjellet

Dato:
15.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
14,7km

Sol og pent vêr på morgonen. Kristine hadde time hos optiker klokka 11.30, og ble der i om lag ein time. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen, og like etter vi gjekk i vegen forsvann sola, og ho dukka ikkje opp att. Det vart likevel ein fin skitur i eit flott område. Vêret held seg ganske bra, og løypane var litt attblese, men ganske bra. Utsikta frå toppen er nok riktig fin i skyfritt vêr.

Kart    

Synet

Dato:
07.02.2020
Turtype:
Langrennstur

Skitur etter jobb saman med Kristine. Vi køyrde til Vaset rett etter jobb, og parkerte ved skiheisen. Derifrå gjekk vi til Gomobu, og vidare til Synet. Frå Synet gjekk vi om Valtjernet attende til Gomobu, og til bilen. Flott vêr på turen. Vi hadde solskinn til å byrje med, før det vart ein flott solnedgang, og flott kveldsljos. Vi rakk akkurat attende til bilen før det vart mørkt, for øvrig ljoste månen bra. Veldig bra skiløyper på Vaset denne turen.

Kart    

Hærfjellet

Dato:
01.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Kart    

Eggeåsen

Dato:
29.01.2020
Turtype:
Langrennstur
Kart    

Skitur rundt Nørdre Syndin

Dato:
26.01.2020

Skitur med Kristine. Gjekk i frå Syndinstøga. Fine løyper rundt Nørdre Syndin, attblese i løypa aust for Midtre Syndin. Fint vêr, og flott utsikt.

Kart    

Skitur på Beitostølen

Dato:
25.01.2020
Turlengde:
2:27t
Distanse:
19,1km

Skitur på Beitostølen med Kristine. Vi gjekk løypa ned til Javnin, og opp til Øysterlie. Derifrå til Olevatnet, og vi gjekk oppom og registrerte den vesle haugen Rundhaug. Frå Olevatnet gjekk vi tilbake til Beitostølen. Flotte skiløyper, men grått og overskya vêr.

Kart     1 kommentar

Skitur på Reinshovd

Dato:
14.01.2020
Distanse:
1,8km

Årets fyste tur på telemarkski. Kristine på randonee. Kort og fin tur etter jobb, godt skiføre

Kart    

Skitur i Vest-Torpa

Dato:
02.01.2020
Distanse:
15,2km

Juleferien er slutt, og Kristine og eg køyrde attende til Valdres. På vegen dit tok vi ein stopp i Torpa, for å gå ein skitur og for å få årets fyste nye toppar. Vi parkerte i vegkanten der skiløypa kryssa vegen, men fann ut etterpå at det var ein parkeringsplass ved Smedsrud. Vi gjekk i vegen på dei to dagar gamle, men perfekte, skiløypane. Mykje oppover til å byrje med. Vi følgde skiløypa til Klettvatnet, derifrå vart det brøyting. Kristine var sprek, og tok seg av brøytejobben. Ikkje utsikt på Jenthaugen. Ned att same veg frå Jenthaugen. Opp til Ohovde følgde vi trugespor. Kristine som er liten og lett, gjekk greitt oppå. Eg som er noko tyngre, sank jamnt og trutt i gjennom. Det vart ein tung tur opp, men flott utsikt på toppen. På toppen tok vi på lykter, men berre Kristine >>>

Kart    

Skitur på Follebukjølen

Dato:
31.12.2019

Tur med Kristine og pappa.

Kart    

Prestkampen

Dato:
27.12.2019
Turlengde:
3:22t
Distanse:
27,9km
Kart