Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Sverigetinden

Datum:
25.06.2019
Entfernung:
9,4km

Siste dag på Andøya. Vi drog frå Ånes til Andenes i styrtregn. Vi brukte styggvêret til ein tur innom Andenes, og eg fekk kjøpt meg nye, vasstette fjellsko. Vi drog så til Storvatnet for å gå på Sverigetinden. Vi følgde fint råk og gode merker opp til Breidtinden. Vidare var det råk, men ikkje merker bort til Sverigetinden. Frå Sverigetinden gjekk vi attende med sikte på Trolltinden, og tok med oss Breiviktinden på vegen. Fint terreng å gå i der vi gjekk utanom råk. På turen, og spesielt opp mot Trolltinden, bles vinden noko heilt enormt. Ned frå Trolltinden gjekk vi utanom råket ned til 280moh, derifrå følgde vi eit godt råk som ikkje er teikna inn på kartet.

Karte    

Tre turar på Andøya

Datum:
24.06.2019

Bilder av GPS-spor til Kristine frå turane Da vi vakna opp på parkeringa til Bjørnskinntinden var ikkje vêret så ille. Så etter frukost vart det tur opp på Bjørnskinntinden. Dit opp var det veldig bra råk, og vêret held seg også nokon lunde bra heile turen. Neste tur vart Kvasstinden, høgast på Andøya. Vi køyrde om Skoldehamn og sørspissen av øya og nordover at mot parkeringa i Norddalen. Vegen frå Svindalen til Norddalen var forferdeleg dårleg, knapt køyrbar. Råket oppover mot Kvasstinden var veldig blautt, men lett å følgje. Skodde på toppen diverre. Siste tur for dagen vart Stortinden/Åberge. Etter å ha ete middag køyrde vi til campingplassen på Ånes. Vi følgde råket som gjekk oppover. Det var stort sett greitt å følgje, men i skogen var det mykje høgt og blautt >>>

Karte    

Innerheia

Datum:
23.06.2019

Det var spådd ok vêr på Andøya dei nærmaste dagane, så da satt vi kursen dit. Vêret var ikkje det beste frå morgonen av, så vi venta til litt utpå dagen før vi drog. Målet denne dagen vart Innerheia på Hinnøya i Andøy kommune. Vi fann ei lita parkeringslomme like aust for råkstarten. Vi gjekk i brukbart råk oppover Kvalshausen og Ramnflogan. Oppe på Fornesfjellet delte det seg i fleire råk som kom og gjekk, men det var fint å gå der. Like før Keipen kom vi inn i skodda, som diverre vart varande resten av turen. Fint terreng å gå i, men kjedeleg og ikkje sjå noko. Kristine sin rapport Etter turen drog vi til Andøya og overnatta i bilen ved parkeringa til Bjørnskinntinden.

Karte    

Nona

Datum:
22.06.2019
Entfernung:
10,2km

Kristine hadde ærend i Harstad, så da vart det tur til Nona på Grytøya. Vêret var ikkje bra, det regna heile turen. Ingen sikt på toppen. Det var bra råk inn til Vadskinnsdalsvatnet. Derifrå var det merking vidare, men snøen gjor at det var vanskeleg å sjå merkinga fleire gonger. Følgde ei renne opp til ryggen/flanken som vi følgde opp til toppen. Veldig kaldt på toppen. Eit lite og litt luftig klyvepunkt rett før toppen, som var litt ekkelt på grunn av det våte vêret.

Karte    

Skittendalstinden og Litletinden

Datum:
20.06.2019
Entfernung:
19,4km

Skittendalstinden er ein topp vi har sett på heile året; vi har flott utsikt mot han frå kjøkkenvindauget på Evenskjer. I haust vart det ikkje noko av, og i vinter har vi ikkje vurdert han, men no trudde vi at det skulle være bra føre for fottur dit. Vêret var spådd finast tidleg på dagen, så da var planen å gå tidleg. Vi skulle eigentleg stå opp 03.30, men Kristine fekk ikkje sove, så da vekka ho meg klokka 01.30. Vi åt frukost og pakka tursekkane, og drog til Dragvik i Evenes. Vêret var ikkje bra da vi drog, men vi håpa det ville betre seg. Vi gjekk i vegen på traktorveg og godt råk opp til Renskvannto, der signerte vi i turboka, før vi tok av råket og gjekk sørryggen opp til Litletinden. Dei fyste 60-100 høgdemetrane var ganske bratte, men heilt greitt å gå opp der. >>>

Karte    

Løksetinden og Høgtind

Datum:
17.06.2019

Strålande vêr frå morgonen, men det var spådd dårlegare utover dagen. Vi var innom Matkroken på Ånstad på Andørja for å kjøpe brød til frukost og niste, før vi drog mot fastlandet og parkerte på ein liten parkeringslomme ved Løksa. På parkeringslomma var vi eit ettertrakta bytte for kleggen, så vi prøvde å være raske med å komme i veg. Råket oppover var bra merka, men ganske vått. Vi fylte opp flaskene i Navarselva. Og oppover Aksla vart det færre innsektar. Oppe på 900moh gjekk vi litt feil i forhold til råket, da vi hadde sett spor i snøen lenger oppe, men vi fann ut at det beste nok var å følgje råket. Frå 900moh gjekk vi i snø heilt opp til 1160moh. Vi gjekk i låge terrengsko, så vi vart veldig våte og litt kalde på føtene, heldigvis var det skikkeleg >>>

Karte    

Langlitinden på Andørja

Datum:
16.06.2019

(Med unntak av Jan Mayen og Svalbard) Vi vakna opp til overskya vêr og skodde på Klåpheia, så vi åt ein sein frukost før vi drog innover Straumbotn til parkeringa nedunder Langlitinden. Vêret betra seg medan vi køyrde innover, og før vi gjekk i vegen var det strålande sol og varmt. Vi var usikre på snøforholda oppover, så stegjern og isøks vart med på turen. Det var fullstendig unødvendig, og vi la dei frå oss på om lag 820moh. Vi følgde normalruta, og oppover gjekk vi i godt råk. Frå om lag 900moh var det litt snø, som var kjekk å følgje på veg ned. Fantastisk utsikt på toppen. Ein ny strålande flott tur i Ibestad kommune. Etter turen vart det eit forfriskande bad i Straumsbotn, før vi fann eit sted å overnatte på vest-sida av øya.

Drangen på Rolløya

Datum:
15.06.2019

Tur til øyane Rolla og Andørja. Vi vakna opp til strålande sol i bilen på Foldneset. Der åt vi frukost, før vi drog i vegen for å gå på Stortinden på Drangen. Vi vurderte litt om vi skulle køyre oppover vegen ettersom bommen stod oppe, men vi fann ut at vi skulle respektere at det stod ingen køyring utan godkjenning. Så vi parkerte i lomma på hovudvegen 150 meter vest for grusvegen. Vi gjekk oppover vegen i strålande sol og skikkeleg sommarvêr. Turen oppover til Stortinden var skikkeleg lang, men flott utsikt når vi kommer skogen. Spesielt Sula var ein flott topp. Fint å gå bortover Drangen nedunder toppane. Veldig fint oppe på Stortinden. På tur opp satt vi lengje ved Sulvatnet, og på tur ned at vart det eit lite bad der på meg. Ein riktig flott tur. Etter turen drog vi >>>

Karte    

Rolla på Rolløya

Datum:
14.06.2019

I løpet av turen på Kongsviktinden den 11.6 fekk Kristine veldig vondt i magen, og da dette var like ille dagen etterpå, vart det tur til legen. Det førte til at ho vart sendt til sjukehuset i Harstad, og der vart ho over natta. Etter undersøkelsar den 13.6 fekk ho komme heim. Da vart det ein liten tur i skogen i Evenskjer, og ho kjende seg heldigvis i betre form. Da planla vi tur. Målet for denne turen var øyane Rolla og Andørja. Vi skulle byrje med toppen Rolla, og om helsa til Kristine ikkje var god, skulle vi dra heim. Vi tok ferga frå Harstad til Sørrollnes klokka 13.00. Frå fergekaia køyrde vi opp til parkeringa ved leikeplassen, og gjekk i vegen mot Rolla. Sola strålte og varma godt, men det var ein sur trekk tidleg på turen. Vi følgde vegen og råket opp til Brustindvatnet. >>>

Karte    

Kongsviktinden

Datum:
11.06.2019
Entfernung:
13,3km

Tur i strålande sol, men tidvis ein del vind. Vi følgde ruta som er skildra i boka “Topper i Ofoten og Sør-Troms” av Bjørn Forselv opp til Kongsviktinden og ned frå Skitneskardtinden. Mellom toppane følgde vi ryggen, som var veldig fin å gå. Dei siste metrane opp til Kongsviktinden bøy på litt klyving. Ned frå Kongsviktinden kunne vi skli på snø dei fyste 180 høgdemetrane. Ned frå Skitneskardtinden fekk vi også ein del snø vi kunne skli på. Kongsviktinden er ein godt synleg og flott topp når ein køyrar mot Lofoten frå Tjeldsundbrua, men den aller flottaste sida viste han nok når vi gjekk på ryggen mot Skitneskardtinden. Kristine var ikkje heilt i form på denne turen, og ho trengde ein del ekstra pausar, men var tøff som fullførte ein såpass lang tur. Alt i alt vart >>>

Karte