Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (1)
- Alpine climbing (1)
- Ski trip (27)
-
Trip by foot (11)
- Alpine trip (2)
- Hike (3)
- Hillwalk (6)
Peakbook-Friends
Bitihorn Opp 2014
- Date:
- 22.06.2014
- Duration:
- 0:55h
- Distance:
- 3.4km
Konkurranse opp på Bitihorn frå Båtskaret. Gjekk hardt ut frå start, som første mann tok eg snarveg nr.1 - denne var det ikkje mange som tok. Men mortenh (Morten Helgesen) og linntherese (Linn Therese) såg eg fulgte. Rett oppi bratta klarte eg å ta feil veg (burde nok gått opp her minst ei gong før). Morten var tett bak, og brakte meg på rett veg. Var dermed bak Morten, og det skulle bli hardt å følge hans tempo! Vi tok begge snarveg nr.2 (den lønner seg i alle fall!). Han fekk ei luke på meg, men i grusbakken før klyvinga vart det tungt for han også. Vi åpna nok altfor hardt begge to. Men luka var aldri mulig å ta inn. Av pulsloggen ser det ut som eg pressa ganske maks på denne turen.. Føltes veldig tungt, men hadde tru på ny pers under vegs - det vart deg også - 24 min 2 sekund. Storfornøyd med tida, og 11. plass! Morten >>>
Bitihorn test 2
- Date:
- 19.06.2014
- Duration:
- 0:58h
- Distance:
- 3.6km
Forberedelse og maks-test før Bitihorn Opp på Søndag. Pappa var med, og han tok med Nero. Tok snarveg nr to og følgte "hylla til høgre" forbi hulene. Skjønte tidleg at dette ville bli ei bedre tid enn dagen før - klokka inn på 24 min 57 sekund på toppen! Superfornøyd og over all forventning - hadde rekna med noko rundt 30 min... Skal bli hardt å forbedre denne tida på Søndag! På toppen møtte eg Steinar Skoglund og hundane hans. Etter nokre minutt va det muleg å få prata litt ;) Og når fem minutt var gått kom Pappa på toppen - rett under 30 minutt - IMPONERT over far min på 70 år! Kort pause på han før retur (24 min).