Store Haugmelen - nice støl, nice topp! (08.07.2016)
Ascents | Store Haugmelen (1,172m) | 08.07.2016 |
---|
Fin tur i godt vêr. Parkerte ved Dalåker, like nedanfor Goro. Vi gjekk deretter inn på sti og kom opp til krysset ved Goro. Der er det fin grusveg, og vi såg difor at vi kunne ha køyrd heile vegen fram forbi Syresete. Det gjer eg neste gong!
Elles gjekk vi forbi ein fin støl (Vassløysa) på veg opp. Bomma litt på stien der og hamna inn i vegetasjonen. Litt styr men det er ikkje vanskeleg å merke seg toppen og kva ein skal gå. Vi fann igjen stien og da var det ikkje langt igjen. Fin topp og glimrande utsikt til Luster og Molden.
Springetur ned att til stølen. Skulle vel ønskje eg hadde bilen ståande ved grusvegen når eg kom ned att dit. Alt i alt ein fin tur.
User comments