Keipen, Balestrand - gjørme og skodde (29.07.2016)
Ascents | Keipen 1417 i Balestrand (1,417m) | 29.07.2016 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Esebotn Parkeringsplass (3m) | 29.07.2016 |
Målet var å gå til Keipen for å studere Geitaryggen, da vi lengje har fundert å gå heile ryggen frå Tjugatoten til Keipen. Heldigvis såg det ut til at skodda forsvant på veg oppover, så dette såg bra ut.
Det er god sti frå parkeringsplassen og vidare oppover. Vi måtte krysse ei elv, utan bru. Bør nok ta av seg på føtene her. Hoppet mitt med hunden i fanget til ein sleip stein midt i elva var ikkje akkurat "innanfor". Men det gjekk greitt. Vidare oppover var det fortsatt sti, men mykje gjørme og overgrodd. Hunden rota seg godt vekk i nokre bregner på veg oppover den smale stien. Mykje skliing og anna fjas.
Vi ralla litt om å gå oppover Bjørnabreen på høgre sida av elva (stien gjekk på venstre sida), men vi var rimeleg glade i ettertid for at vi valde bort det. Tipset er: følg merkestein og sti heile vegen til toppen. Stien forsvant litt på veg oppover, så vi måtte speide godt etter merkesteinane.
Sjølve Keipen var sjølvsagt innetulla i skodde når vi kom opp, sjølv om noko av det forsvant litt og litt slik at vi såg meir. Uansett, det er sikkert spektakulært når det er opplett og utsikt. Vi registrerte uansett at det er jækla bratt på tre sider, så hunden bant vi forsvarleg fast i toppunktet medan vi tok bileter. Det var han lite glad for.
På veg ned ga vi fan i å ta stien rundt Bjørnabreen og tok raskaste vegen ned breen/snøen. Bratt, meir enn 30 grader enkelte plassar, men snøen var våt (og ikkje glatt) så det gjekk heilt fint. Oppover hadde derimot vore heilt bedritent.
Elles var det nokre små sprekker på veg ned, så her bør ein vere obs. Greit å manøvrere seg bort frå dei og halde seg i "midten". Vi gjekk deretter over eit gjel og kom inn igjen på stien igjen like over tregrensa. Etter ein del regn var stien no blitt eit einaste gjørmesklie, og eg sklei minst 10-12 gongar på veg ned. Noko forbaska drit. Hunden var elles lei og gjorde unna det siste stykket på rekordtid.
Alt i alt ein ok tur. Men prøv den heller i godt vêr!
User comments
Missing title
Written by Argok54 07.08.2016 16:12Eg synest det var ein litt negativ tone i denne omtala. Eg var også med på turen (eg er ikkje hunden..) og syntest han var heftig! Men så datt eg berre 3 gonger på veg ned. Tips: ta også med lue og hanskar. Toppen av Keipen er ingen plass for tynnkledde.