Beseggen (10.08.2013)
Ascents | Veslfjellet (1,743m) | 10.08.2013 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Besseggen (1,500m) | 10.08.2013 |
Gjendesheim (994m) | 10.08.2013 | |
Memurubu (1,005m) | 10.08.2013 | |
Veslfjellet–Gjendeosen utsikt (1,700m) | 10.08.2013 |
Eg og kona var rimeleg tidleg ute for å ta båten, men sjølvsagt var det fullstendig kaos både på parkeringsplassen og ved hamna. Det vart annonsert to timar til neste båt. Så da ga vi f og gjekk motsett veg til Memurubu.
Gjekk rimeleg greitt heilt til vi kom til sjølve eggen der dritvêret slo inn på høgt nivå. Klissvåt egg, og temmeleg mange japanske turistar med lakksko og andre erfarne fjellfolk på veg oppover - altså den motsette vegen. Vi svinga oss difor litt til venstre for å kome unna køen, noko som gjorde kona til nervevrak. Men ned kom vi.
Elles var det ein grei men rimeleg lang tur til Memurubu. Og heldigvis var det ikkje to timar til båten gjekk derfrå. Digg å kome heim til ein øl!
User comments