Reppanipa - her får du lite gratis (29.08.2016)


Characteristic Hillwalk
Duration 1h 45min
Map
Ascents Reppanipa (944m) 29.08.2016

Reppanipa, denne sagnomsuste toppen. Eller tja.

Toppen måtte uansett kryssast av Sogndal-lista, og denne turen ville passe fint ein solrik ettermiddag. Eg tok av til venstre frå hovedvegen opp Kollsetevegen. Det var tydeleg at grunneigaren ikkje ville ha trafikk over gardstunet sitt, så eg sette bilen frå meg lenger nede og starta å gå.

torgo_20160829_57c484bd59039.jpg

Eg følgde grusvegen eit godt stykke oppover, og passerte nokre hytter/bustader/palass.

torgo_20160829_57c48571b8942.jpg

Etter ein del trasking kom eg opp til Kollsetestølen. Herfrå var det lite sti og hjelpa seg med, så da var det å brøyte seg gjennom gras og myr og gje blanke i å verte våt på beina. Eg tok luftlinja rett mot Reppanipa, og fann til slutt ein grei, men bratt oppstigning på høgre (nordlege) sida av toppunktet. Litt klyving, men heilt ok. Brukbar utsikt på toppen.

På veg ned gjekk eg skrått inn på ein sti som gjekk i sørleg retning nedover i dalen, og inn på ein anna grusveg. Eg hadde kome litt ut av kurs, og trakka meg difor rett nordover gjennom nokre busker og over ein bekk. Da kom eg rett inn på grusvegen eg kom opp frå.

Så var det berre å spurta tilbake til bilen forbi den mannevonde grunneigaren.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.