Drit som endte bra (25.09.2016)


Start point Hodlekve/Rindabotten
Characteristic Hillwalk
Duration 2h 00min
Map
Ascents Helleberget (988m) 25.09.2016
Visits of other PBEs Rindabotn vinterparkering (600m) 25.09.2016

Med sjøslaget frå fredagskvelden enno sitjande i kroppen, var det ikkje akkurat duka for ein kjempetur. Planen var eigentleg Skriki, men pga. noko familiegreier kom eg meg ikkje avgarde før kl 14. Og når Sogndal-kampen starta kl. 15.30 kunne eg berre drite i Skriki denne dagen. Kanskje like greitt..

Hunden var, i motsetning til meg sjølv, full av energi og dro konstant i bandet frå vi gjekk. Eg skal innrømme at det kom nokre heftige glosar i det første stykket oppover dalen. Men vel, så skjer det som det skjer på fjelltur. Ting vert lettare, og utsikten vert betre. Så humøret steig etterkvart i takt med høgdemetrane.

Hommpbollen_20160925_57e7f3a181c63.jpg
Elles var det ein greit tur på merka sti. Gjekk opp ryggen mot Helleberget og straks var eg på toppen. Strålande utsikt i alle retningar!
På veg ned kom vi over eit kadaver. Der må jerven ha hatt seg eit festmåltid.

I min fasinasjon og forvirring ramla bilnøkkelen ut av sekken, noko eg oppdaga lengre ned i bakken. Da falt verden litt saman. Heldigvis fann eg han att eit stykke lenger oppe - og takka høgare makter.

Så bar det rett ned i luftlinje mot Rindabotnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.