Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
- Ski trip (3)
-
Trip by foot (16)
- Alpine trip (1)
- Hike (2)
- Hillwalk (12)
- Jogging (1)
Søndagstur på utkikk etter skitrasé
- Date:
- 23.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:00h
Helg til Balestrand betyr tur i fjellet. Sidan eg har vore på Bruhjellstølen 100 gongar før, sette eg meg no eit mål om å stake ut ein dugeleg toppturtrasé for skikøyring. Frå stølen gjekk eg vidare til Raunekletten og tok turen nedover sørsida til Kisane (i staden for å gå over og kome ned til Kalbakk). Her er det bart og bratt nok. Steinbra terreng for skikøyring! Frå Kisane er det berre å køyre heilt ned til Skåsheimelva og krysse den. Da kjem du rett inn på stien og kan praktisk talt køyre på ski til botn. Gler meg til vintaren!
Skreik meg til topps
- Date:
- 16.10.2016
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:45h
Nuvel. Akkurat SÅ ille var det ikkje, sjølv om det likevel var ein vaksen tur på over 1100 høgdemeter i det forblåste haustfjellet. Første utfordring var å parkere så høgt eg kunne oppmed stien. Det er sjølvsagt ei parkering like over ungdomshuset ved riksvegen, men da tek det lang tid før du kjem til døra - for å seie det slik. Eg fann heldigvis ein plass på nedsida av fotballbana vel 60 høgdemeter lenger oppe. Det får vere måte på kor mange høgdemeter ein skal gå på ein dag! Elles følgde eg vegen mot høgre fram mot stien (i retning Sogndal). Ein solid mengde bilvrak og ein mannevond hund viser vegen her. Stien travereserer oppover mot Klanten (kvifor ikkje Kanten?!), og vidare til stølen Breisete. Herfra ser du rett opp mot Skriki, som er toppunktet på den lange ryggen >>>
Fyllesjuk i fjellet
- Date:
- 02.10.2016
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:00h
Etter feiringa av Sogndal sitt uavgjort mot Brann på laurdagen var ikkje fysisk fostring det første eg tenkte på når eg rulla ut av senga på sundag. Men etter ein dusj og ein god kopp kaffi steig sjølbiletet ti hakk. Kanskje Frudalshesten kunne nåast i dag? Men nei, etter 1 t vandring innover Frudalen sank ambisjonsnivået vesentleg. I Frudalsbotn var det punktum finale. Så var det rett heim att til sofaen. Skal aldri drikka øl igjen!