Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
- Ski trip (3)
-
Trip by foot (16)
- Alpine trip (1)
- Hike (2)
- Hillwalk (12)
- Jogging (1)
Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur"
- Date:
- 07.08.2016
- Characteristic:
- Bike trip - off-road
- Duration:
- 2:00h
No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp. Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien. Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg. Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band. Greitt nok. Nådde til slutt ein >>>