Påsketur til Loftet (08.04.2012)
Start point | Jotunheimen Fjellstue (1,006m) |
---|---|
Endpoint | Jotunheimen Fjellstue (1,006m) |
Characteristic | Randonnée/Telemark |
Vertical meters | 1,164m |
Map |
Ascents | Loftet (2,170m) | 08.03.2012 |
---|
"Vi skulle på påsketur!"
Nokre tradisjonar er eldgamle. Andre er av relativt ny dato. Min nyaste tradisjon er å koma meg over 2000 meter i løpet av påska. Det er vel eigentleg ein draum eg har hatt sidan eg og Onkel Per gjekk rundt Tverrådalskyrkja, og toppa ut Søre Tverrådalskyrkja ei påske (eg må finne ut årstal for denne turen, trur det var ein gong på 90talet..). Påska 2012 var eg i alle fall i gang, og eg håpar at om eg ikkje greier å koma meg over 2000 kvar påske, at eg i det minste får ein skikkeleg topptur i det minste. Påska 2013 var det altså Loftet som stod for tur. Loftet er jo ein særs klassisk topptur for alpinski. Førhaldsvis grei oppstigning, og eit skikkeleg javnt og langt renn ned utan særleg daudtid.
Vi dura avgarde ganske tidleg oppover Bøverdalen og parkerte omlag ved Jotunheimen fjellstue. Været var fint, men det var trugsmål om litt dårlegare vær som kom flygande inn. Litt skeptiske var vi nok der vi stabba oss oppover på telemarksskia. Føret verka nemleg ufatteleg hardt. Skal ein overdriva var det omlag berre så vidt fellane hang på, men eg overdriv jo aldri så dét skal eg ikkje seia. Da vi kom over brotet mot Brangsdalen, møtte vi óg snødrevet. Det var rett og slett surt og kaldt, og langt frå det ein ser for seg som typisk "påskevær". Så for motivasjonens skuld fant vi oss ei lita le-boso, og heiv innpå ein rask Kvikk Lunsj før vi fortsette innover.
Henget opp frå Brangsdalen var hardt som betong, og vi fabulerte nok litt om å falle øvst i henget og å finnast att som ein liten tull i botnen, på tur oppover. Der vi måtte krysse i skråbratte hadde i alle fall eg problem med å få verken stålkantar eller fellar til å bita på føret. I tillegg blei været berre surare, vinden stivare og skodda tjukkare jo høgare vi kom oss. Vi kasta innpå ein kjapp matbit før vi fortsette oppover, den noko slake toppegga i elendig sikt. Det var stort sett vanskeleg å sjå noko særleg lengre enn ein 10-20 meter. Til slutt stod vi endeleg på toppvarden. Her helsa vi på eit par andre lokale som og var ute i same ærend. Det obligatoriske bilete blei teke. Andreas ofra seg og pådrog seg nesten frostskade på fingrane av den stive vinden for å få dette dokumentert. Dette var med andre ord ikkje ein værande stad, så med blodfrosne fingre røska vi av fellane og prøvde som best vi kunne å ta pent vare på dei, før vi stappa dei brutalt ned i sekken og styrta oss nedover mot stillare trakter. Sjølv om været var surt var føre her i det øverste partiet av rennet ganske ypperleg, og vi fekk fleire gode svingar.
Da vi kom oss ned mot det siste henget mot Brangsdalen hadde været stilna ganske bra, og vi tok oss tid til ei skikkeleg lunsjpause. Medan vi åt og kosa oss fabulerte vi vilt om korleis vi kom til å bryta både bein og armar, slå oss kvakt i hjel og aldri koma heim i dette betonghenget nedanfor oss.. Vi tok det pent nedover sidan føret var såpass hardt. Sjølv om vi kryssa ein del i det øverste partiet kom vi oss ganske radig nedover rett og slett fordi stålkantana omlag ikkje beit og vi sklei like myke sidelengs nedover som på skrå framover. Ned det siste stykket etter henget gjekk ganske radigt, og til tross for det harde føret gjekk det imponerande lett å få leika seg litt ned dei siste bakkane. Det var rett og slett morro. Absolutt ein topptur å anbefale, gjerne med penare vær og betre føre.
Med på tur: anforb (Andreas Forberg)
User comments