Ekspedisjon Storheia (10.02.2013)


Characteristic Expedition
Duration 4h 39min
Distance 22.7km
Vertical meters 884m
GPS
Ascents Storheia i Trondheim (565m) 10.02.2013
Visits of other PBEs Elgsethytta 10.02.2013 12:00
husomlykkjun_2013-02-10_14.33.14-1.jpg

Med februar kom det også endeleg realt skiføre i Trondheim. Realt skiføre og strålande vær, det er ikkje ein kombinasjon ein ofte ser her i byen. Det var difor med lange blikk mot bymarka eg gjekk til jobb denne veka. Det tok ikkje lenge før planane om å få gjennomført ein av dei klassiske ekspedisjonane i Bymarka var lagde; nemleg å toppe ut Storheia.

Som reale ekspedisjonsmenn var vi ut av senga før fuglen feis, og i tolvtida var sekken full av kvikk lunsj, nistepakke og kaffi. Med eit godt lag blåswix under skia stod vi der og kika litt skeptisk på barnskirenn (Sverresborgrennet, eller noko slikt..), og lurte på om den hardaste delen av ekspedisjonen skulle bli å tråkle seg gjennom folkemengden og ut i den "orntlege villmarka". Nesten ute av barnskirennlabyrinten møtte vi ein kjenning som ynskjet oss "lykke til" da vi sa vi hadde tenkt oss på tur Storheia. Vi valgte å tolke dette som nok eit teikn på at vi var på tur ut på skikkelege bragder.

Turen innover gjekk som smurt på nydeleg blåswixføre. Vi hadde nok vurdert været som røffare enn det eigentleg var. Det blei difor fort ganske heitt under allværsjakka, så vottar og fleecjakker blei ubønhørleg stappa ned i sekken. Eit par postkort blei fanga på minnebrikken, før vi susa videre innover mot Grønlia og Skjellbreia. For å verkeleg å kjenna på ekspedisjonsfølelsen satsa vi sjølvsagt på å bryte oss opp Lindboe-løypa før vi sette igang toppstøtet mot Storheia. Ingen topptur utan ein orntleg monsterbakke.

Ved foten av Storheia kasta vi innpå to bitar sjokolade og ein liten kopp kaffi før vi sette inn toppstøtet. No var vi utanfor trikkeskinnene og måtte kun stole på våre eigne evner, og skisporet etter eit par andre harhausar som hadde våga seg utanfor løypa. Sporet gjekk rett opp i laussnø og ulendt terreng, men vi beit tenna saman og krafsa oss opp motbakken. Da vi kom oss opp mot toppen, forsvant skogen og med den, ly. Dei siste parhundre meter innover mot toppen var prega av snødrev og sidevind, men med fare fore eige liv trossa vi oss fram mot toppen. Etter nokre timar med slit kunne vi endeleg juble! Vi var på Trondheim's tak! Været var kaldt og utsikten begrensa, så dette var ikkje eit verande sted. Nedstigning blei derfor iverksett ganske umiddelbart etter at toppunktet var nådd.

Nedstigninga til trikkeskinnene skulle visa seg å væra den mest utfordrande delen av turen, men også den morosamste. Med tynne markaski kryssa vi oss ned den bratte bergsida, ofte med fare for eige liv og sikkerheit. Det låg igjen meir enn eit rumpeavtrykk etter oss, kan ein vel seie. Vel nede ved trikkeskinnen igjen, satte vi kursen mot Base camp Elgsethytta. Lukta av peisfyr og rømmegraut låg tjukk rundt hytta, der vi parkerte skia. Vi vada innandørs blant nikkersadel, småborn i bobledress og kondomdresskledde birkenmenn. Restana av vår beskjedne turproviant blei fort fortært, og vi var fort ute av døra igjen. Dei siste kreftane, og dei siste restane av blåswixen blei slipt bort i unnarennet ned mot Butikksenteret. Vel nede i sivilisasjonens trygge hender, og med ræva godt planta i bussetet var vi alle einige om at det hadde vore ein fin tur.

Med på tur: Leif Erik.

Start date 10.02.2013 12:08
(UTC+01:00)
End date 10.02.2013 16:47
(UTC+01:00)
Total Time 4h 39min
Moving Time 3h 30min
Stopped Time 1h 08min
Overall Average 4.9km/h
Moving Average 6.5km/h
Distance 22.7km
Vertical meters 883m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.