Besseggen (16.07.2012)
Ascents | Veslfjellet (1,743m) | 16.07.2012 10:00 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Besseggen (1,500m) | 16.07.2012 10:00 |
Besseggen klyveparti (1,500m) | 16.07.2012 10:00 | |
Besseggen utsikt | 16.07.2012 10:00 | |
Gjendesheim (994m) | 16.07.2012 10:00 | |
Memurubu (1,005m) | 16.07.2012 10:00 | |
Veslfjellet–Gjendeosen utsikt (1,700m) | 16.07.2012 10:00 |
Eg og Nina hadde i lengre tid snakka om at no burde vi jammen snart få gått Besseggen. Etter å faktisk ha rota meg litt meir ut i marka, samt sjølvsagt turen til Kilimanjaro, hadde turlysten min auka dramatisk etter å ha lege daud i nokre år. Og no stod Noreg's nasjonalikon for tur. Ingen av oss hadde gått den før, sidan vi var tøffe og fra bygda så heiter det jo "Kven har lyst til å gå i kø over Besseggen, når det finns så mange andre fine turar og gå?".
Sumaren skulle vise seg frå si vrangaste side, og været på yr.no viste for det meste regn, overskya og meire regn. Likevel var det EIN finværsdag å skimta. Denne låg konstant ei veke fram i tid, så vi byrja å bli usikre på om vi skulle få gått denne turen i det finværet den fortjente. Da tida nærma seg, såg vi også at denne finværsdagen sakte men sikkert nærma seg sanntid. For kvar dag som gjekk såg vi at luka fram til denne dagen blei mindre og mindre. Så med litt logisk sans slo vi fast at mandag måtte det bli.
Klar for å gå i kø saman med resten av nikkersadelen og kvikklunsj hipsterane sette vi kursen mot Gjendesheim. Vi kjika utover Gjendesvatnet i gryinga, og konkluderte med at vi antageleg hadde treft den einaste finværsdagen denne sumaren. Vel ombord i M/S Gjendine dura vi sakte men sikkert i retning Memurubu. Vi var sjølvsagt ikkje dei einaste som skulle gå turen denne dagen, men det var heller ikkje så folksomt som vi hadde frykta. Ved Memurubu noterte vi oss til stor tilfredsheit at dei fleste valde å lette på trykket, pakke om sekken eller rett og slett berre justere på antrekket før dei dura opp lia. Vi derimot, dura rett opp lia.
Da vi kom opp lia dampa sveitten, og vi måtte få i oss litt vatn og ein liten bit sjokkis. Vi fulgte stigen bortover, og gjekk nok tidvis "I kø", men det var aldri plagsomt. Det var ofte andre folk rundt oss, men det var aldri "stim". Mest overraska var vi vel kanskje over ungdomsgjengen som tusla rundt med kvar sin boks øl. Ein heilt vanleg førmiddag i fjellet..
Ei stund lurte vi på om vi skulle vera litt originale og ta lunsjen ein annan stad enn ved Bandet. Som alle andre endte vi like vel opp med lunsjpakken i fanget ved Bandet nedunde eggja. Medan vi åt kasta vi nok eitt og anna skeptiske blikk opp på eggja, og høgdeskrekken min lurte nok litt på kva eg dreiv på med. Det var heldigvis aldri atydning til panikk.
Etter at lunsjen var fortært var det berre å gjeva seg i kast med eggja. I byrjinga gjekk dette særs bra, og vi kleiv oss til litt mot. Men plutseleg kom vi til eit ganske smalt parti, og vi måtte snike oss rundt ein kampestein. Plutseleg brusa høgdeskrekken opp i kroppen og eg måtte berre stirre stivt inn i steinura,repetere stille for meg sjølv "det går ikkje an å ramle av denne eggja sjølv om det ser slik ut" og stulke meg så fort som mogleg opp til utsynsplassen. Her flata eggja litt ut, og vi kunne snu oss og nyta utsikten. Dei obligatoriske postkortbileta vart tekne, før vi bega oss over Veslfjellet i retning Gjendesheim. Denne delen var til dels særs kjedeleg, med lange parti med alpin ørken og rullande grusunderlag.
Turen tok seg litt oppatt med nedstigninga mot Gjendesheim. Blaute svaberg og til tider sleip stig gjorde denne delen av turen meir spanande enn den kanskje burde. Vi fabulerte om både beinbrot, kraniebrot og spektakulære fall ned svaberga. Til tross for desse fabuleringane kom vi oss fint ned utan hverken beinbrot eller dødsfall. Vel nede ved Gjendesheim var vi som alltid særs einige om at det hadde vore ein fin tur.
Med på tur: Zalo
Start date | 16.07.2012 08:55 (UTC+01:00) |
End date | 16.07.2012 15:32 (UTC+01:00) |
Total Time | 6h 36min |
Moving Time | 5h 23min |
Stopped Time | 1h 13min |
Overall Average | 2.2km/h |
Moving Average | 2.7km/h |
Distance | 14.7km |
Vertical meters | 1,158m |
User comments