Topptur til Ruten (10.03.2013)
Besteigungen | Ruten (1.040m) | 10.03.2013 |
---|
Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken.
Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, og medan fingrane blei blåfrosne forbanna eg meg sjølv for å ikkje ha gjort dette heime i mi varme stove. Fellane kom på, stavane vart dradd ut til riktig lengde, og vi var klar for avmarsj.
Vi var godt utrusta med kart, kompass og GPS. Sidan det allereie hadde gått ganske mange oppover før denne helga, og det faktum at løypa var stikka, var det kanskje ikkje akkurat nødvendig. Men; Preparatus Supervivet (Den forberette overlever) fekk vi høyra ofte i hine hårde dager i forsvaret. Så bedre trygg enn lei seg. Ute av skogen syns vi at det var på høg tid for dagens fyrste kvikk lunsj, samt forevigelse av hyggen. Det viste seg å vera lite verre sidan eg hadde gløymt minnekort i kompaktkameraet mitt. Heldigvis hadde eg ein slik smart telefon på innerlomma, som i tillegg til å ringja også kan brukas til å ta heilt OK bilete.
I fyrste orntlege motbakke møtte vi også sola. Sola var som ho brukar å vera, jævlig varm. Så her var det jammen på tide med ein teknisk hvil for å få vrengt av oss alle desse ekstra kleda vi hadde tatt på oss nede på parkeringsplassen. I tillegg blei alle lufteåpningar i skalljakker og bukser satt på vidt gap. Sidan vi allereie hadde stogga passa det vel eigentleg ganske godt å hiva innpå litt meir kvikk lunsj også.
Etter pausen labba vi i veg innover, med friske tak og godt mot. Jo nærmare vi kom høgfjellet, jo fleire av dei vidåpne lufteåpningane blei dradd til. Som dei gode nordmenn vi er, hadde vi sjølvsagt vore litt overmodige i møte med vårsola. Vi drog oss sakte og sikkert innover eit daldrag, og møtte synet av lekre S-forma skispor ned ei vakker fjellside. Sola stod høgt og vi hadde utsyn heilt utover til Hitra. Turen blei litt skjemma av dei ufattelege stygge vindmøllene vi såg eit glimt av ute der, men dette var fort gløymd.
Oppover gjekk det, til stadig vidare og finare utsyn. Ruten viste seg å vera ein klassisk norsk topp. Det synte seg nemleg at bak toppen eg sikta mot dukka det jammen til stadigheit opp enda ein, og enda ein litt lengre bak. Men det var forsåvidt heilt greit, for på ein slik dag kan ein ikkje stort anna en å tenkja for seg sjølv at ein er ufatteleg priviligert. Med slik utsyn, slik vær og tanken på ein herleg nedtur er lykka omlag komplett.
Vi nådde til slutt toppunktet, og været var så fint at vi unna oss både brødskiver og kaffi i tillegg til kvikk lunsjen på toppen. Etter at vi hadde nytt utsynet, diskutert rutevalet ned, tatt oss nok ein bit kvikk lunsj, og til dels faktisk nesten blitt kalde i kroppen bega vi oss på tur ned igjen. Dette var min fyrste tur på telemarksski denne sesongen så dei fyrste svingane satt litt langt inne. Men det ga seg fort da vi kom oss over det litt kjipe, slåande føret på toppen og ned i FANTASTISK styresnø. Vi svinga oss greit ned ei fin renne, men innsåg at vi nok hadde valgt pittelitt feil rute, så vi måtte krysse oss over ei anna litt djupare renne for å koma oss bort til den finaste nedkjøyringa.
Etter eit par nydelege svingar på herleg føre skjer jo det som ofte skjer når ein blir litt overmodig. Eg gjekk på snørra, eller tryna om du vil. Litt snø hadde forvilla seg inn bak brilleglaset. Med nette, hanskebekledde hender skulle eg pusse av snøen av glaset, men plasten i innfatninga likte ikkje kulden og sprakk som eit troll i sola. Det var difor berre å stappe dei knekte brillerestane på innerlomma, og svinga seg nedover bakkane. Diverre gjorde nok det litt dårlegare synet mitt at eg kjøyrde litt meir passivt, og eg fekk kanskje ikkje like mykje glede av resten av turen som mine to medsammensvorne. Det såg verkeleg ut til at dei stortrivdes nedover bakkane. Vi kom oss alle heilskinna gjennom skogsløypa, og i bilen heim lurte eg ikkje lenger på kvifor eg ikke berre hadde sove "eiiiiin time til", eg lurte vel meir på kvifor eg ikkje gjer dette oftare..
Med på tur: anforb (Andreas Forberg) og Leif Erik.
Startzeitpunkt | 10.03.2013 10:09 (UTC+01:00) |
Endzeitpunkt | 10.03.2013 14:28 (UTC+01:00) |
Gesamtzeit | 4h 18min |
Zeit in Bewegung | 3h 13min |
Pausenzeit | 1h 04min |
Gesamtschnitt | 2,5km/h |
Bewegungsschnitt | 3,4km/h |
Entfernung | 10,8km |
Höhenmeter | 962m |
Benutzerkommentare