Vinterjuving i Tundra (28.03.2013)
Start point | Brumillom (473m) |
---|---|
Endpoint | Brumillom (473m) |
Characteristic | Ice climbing |
Distance | 7.8km |
Vertical meters | 328m |
Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar?
Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt om og men ned til elva. Det synte seg at ei heller her skulle vi få væra i fred, men alle dei andre turgjengarane var både triveleg og snakkesalige så det var greit. Vi spant på oss stegjerna, og labba i veg oppetter elva. Noko av det fyrste ein kjem til er ei stor utgraven hole i berget som på folkemunnet kun går under navnet "Katedralen". Her Kvelvar berga seg over ein, og det er lett å skjøna kvifor den har fått navnet. Verre er det å fanga storheita gjennom eit kamera. Det er eit prosjekt eg fort ga opp og i staden berre naut eg dette vidunderet naturen har servert oss.
Vi kleiv ein liten foss på eit par meter ut av katedralen og kom til eit meir ope strekke der vi tok oss ein tekopp, brødskive og større mengder sjokolade før vi labba vidare. Vegen her er relativt rett fram, med ein og annan småfossen. Is er facinerande og det er mange artige formasjonar å kjike på langsmed vegen. Vi kjem til slutt fram til Styggedalsfossen, ein større, todelt foss der den nederste biten er ganske grei og flat. Eg ledar opp til "gryta" i midten, og sikrar dei to andre opp. Denne gryta er også eit flott skue. Ei stor elveutgraven hole med eit trongt innløp og eit trongt utløp. Utruleg artig å koma seg til slike plassar! Vi såg på at det andre taulaget, som hadde litt betre utstyr enn oss kraup opp også den brattaste fossen ut av gryta, før vi gjorde retrett ned att.
Retretten ned fossen gjekk greit, men det å koma seg ut av grovafaret var faktisk verre. Halvklyving i ulendt og attgrodde elvesider var ikkje berre berre! Men til slutt kom vi oss da heilberga ut av elvedraget, og kunne ta av oss stegjerna før vi labba dei få kilometrane ned til bilen. Og vi var alle einige om at det hadde vore ein fin (påske)tur!
User comments