Sjåvidthøgda og Jervfjellet (26.05.2013)
Start point | Saksvikvollen (338m) |
---|---|
Endpoint | Saksvikvollen (335m) |
Characteristic | Hike |
Duration | 3h 58min |
Distance | 12.7km |
Vertical meters | 686m |
GPS |
Ascents | Jervfjellet (504m) | 26.05.2013 |
---|---|---|
Sjåvidthøgda (506m) | 26.05.2013 |
Sjåvidthøgda
Sykla heimafrå litt før 09:30 oppover til Jonsvatnet og forbi heilt opp til Saksvikvollen. Sykkelturen opp tok meg litt over ein og ein halv time, så eg var klar for tur ca 11. Hadde tenkt at turen opp på Sjåvidthøgda skulle vera ein kjapp avstikkar på turen til Jervfjellet. Hadde grei vegbeskrivelse frå geocachen som ligg der oppe. Det gjekk til å byrje med særs bra, eg tok til høgre der vegbeskrivelsen sa eg skulle ta til høgre. Plutseleg kom eg til ein bratt berghammar der stigen på gps'n var særdeles ubestemt (frikart, det er nok som tyder på at vedkommande som har tegna inn stigen her har virra litt fram og attende ved berghammaren og lagt ut heile sporet sitt). Eg valde her å gå til venstre, og fant etterkvart ei berghylle eg meinte det skulle gå an å krafse seg opp, og byrja på oppstigninga. Det gjekk ganske greit med hjelp av ein og anna furuleggen, men eg var langt i frå overbevist om at dette var den rette vegen opp.
Utsynet frå berghammaren var flott, ein kunne verkeleg sjå vidt (Pun intended), og magekilande høgdefølelse ned til skogen under. Eg fortsette over myra, der eg sjølvsagt greide å plumpe til over skokanten. "Surk surk" i skoa, og litt "surk surk" i humøret. Virra litt rundt for å finne geocachen som skulle ligge her, men fant han utan vidare problem. Sette deretter kursen mot toppunktet. Virra litt rundt på den høgaste delen av høgda for å sjå om eg hadde oversett noko, men fant til slutt ut at toppunktet her var ufatteleg intetsigande. Langt ifrå det utsynet både namnet og berghammaren lengre ned hinta til. Tok meg deretter ned igjen, prøvde å halda meg stramt til stigen for å finne ut om det fanst ein lettare veg ned denne berghammaren. Stigen fylgde eit bekkedrag ned som var noka lettare å klatra, men dette var heller ingen familietur. Kom meg uansett heilskinna ned til skogsbilvegen igjen, og sette kursen for Jervfjellet.Jervfjellet
Sette iveg langs skogsbilvegen i retning jervfjellet, og dette gjekk bra ganske lenge. Kom etterkvart til ei myr og i andre enden av myra hadde eg nær sagt "som vanleg" mista stigen. Fortsette difor med GPS-kurs mot geocachen ved Finn-Påls hole. Her gjekk det som det ofte gjer utanom stigen i Trøndelag over store mengder myr, vatten og tett skog. Det er nok ikkje ofte at folk går her, for eg følte meg fort ganske dekt av spindelvev. på avvege, med surk i skoa og trynet fullt av spindelvev var ikkje akkurat humøret heilt på topp kan ein seia. Humøret kom seg fort da eg kom over ein liten topp og fekk Jervfjellet føre meg. Dette var jo meir eller mindre eit orntleg fjell, med mykje spanande stein.
Med stø kurs på GPSn fant eg meg fort i sørveggen, og det vart fort klart for meg at dette var heller ikkje normalvegen opp. Eg bestemte meg likevel for å prøva sidan eg såg mange større berghyller oppigjennom, og at det ikkje såg verre ut enn at eg kunne klatre ned same veg eg kom dersom det skulle bli eit problem. Klatring av ca. Besseggen grad, men mykje sleipare og meir mose. Kom meg no fort opp på berghylla eg hadde sett meg ut og kunne fortsetja lett på denne i retning aust. No var lunsjtid langt passert, og eg fant det for godt å setja meg ned å ta ei kjapp lunsjpause her. Etter pausa fant eg den "rette" vegen opp, og fylgde han litt austover før han svinga vestover og i rett retning at. Litt klyving også langs stien, og før eg visste ordet av det stod eg oppe på ryggen av Jervfjellet. Det var mykje myrlende bortetter, men stigen var for det meste god og lett og fylgja så eg var snart på toppa.
Sidan eg no var tom for både mat og vatn (Dumt å ta med berre 1.5 liter vatten i denne solsteika) tok eg eit par kjappe bilete, før eg snudde og vandra iveg nedover igjen. Denne gongen var eg fast bestemt på å fylgja stigen så eg slapp meir spindelvev og vanskelege myrer. Med ein og anna avstikkaren gjekk dette greit heilt til eg var nede ved foten av Jervfjellet. Fulgte her det eg antok var stigen nedover, men på denne tida av året er ofte ein stig også ein bekk. Ikkje alltid så lett å koma seg fram med andre ord. Sidan eg held meg til ein stig som gjekk litt oppe i sida, kom eg fort litt vél høgt og sidan fjellsidene her var ganske bratte måtte atter ein gong klyva meg ned. Det var andre fotefar her også, så det var nok ein stig som blir brukt tid om annan. Kom meg greit gjennom myrlendet ned til sykkelen.
Langsmed Jonsvatnet går vegen opp og ned over bakketoppane. I steikande sol og med 6 timar på tur i kroppen byrja eg difor fort å dehydrere, og turen heim blei dryg. Da eg etter nye halvannen time på sykkelen stod ved den sundagsåpne butikken på Tyholt blei det difor investert i både farris og ein Red Bull som båe gjekk ned på høgkant før eg sykla dei siste hundre meterane heim. Dagens moral må nok vera; Hugs betre på kor vegvalget frå ut.no går, og ta med meir mat og vatn enn du trur du treng.
User comments