Darth Vader is a mountain in Norway: Kyrkja (20.07.2013)


Startsted Leirvassbu (1426moh)
Sluttsted Leirvassbu (1417moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 5t 28min
Distanse 9,6km
Høydemeter 763m
GPS
Bestigninger Kyrkja (2032moh) 20.07.2013
Andre besøkte PBE'er Leirvassbu (1410moh) 20.07.2013
Myser på fjell
Myser på fjell

Som dei søte gutane i "Anal Bros" syng: Darth Vader is a mountain in Norway. Dersom du nokon gong har stått ved Leirvassbu og kjika opp på Kyrkja er denne ligninga grei å skjøne, så fremt du har den minste kjennskap til Star Wars universet. Og ved Leirvassbu stod vi i knallvær, eg og onkel Per, og dagens mål var å bestige sjølvaste Kyrkja. Eg hadde nyst vore på fjellsportkurs og var høg på mine eigne evnar til å tåle høgd og klyving, onkel Per litt meir skeptisk. Vi var begge likevel heilt overbevist om at vi skulle koma opp. Vi fylgde vegen innover eit stykje, før vi forlet både veg og stig og gjekk for vasskanten langs Leirvatnet, istadenfor over kammen som gjekk rundt. Vi tok ein rast ved ein stein før vi byrja på røysa opp til sjølve ryggen. Røysa opp gjekk lett og vi stod og mysa litt skeptisk opp på ryggen; det virka bratt ja! Men det skulle gå!

Vi bevega oss opp røysa langsmed ryggen og det gjekk greit, heilt til eg kom inn mot klyvepartet og kika opp. Da måtte eg ha meg ei lita aklimatiseringspause. Etter aklimatiseringa gjekk det så mykje likare, og eg spratt meg opp mot klyvepartiet med ein litt meir skeptisk onkel på slep. På litt avstand såg klyvepartiet veldig utsatt ut, men ved nærare inspeksjon såg eg at det var mykje mindre luftig enn eg hadde trudd. Morsom klyving var det og, kun eit par små parti med litt kjipe tak der eg måtte kjenne litt på skrekken. Men for ein gongs skuld var det den gode skrekken som kom, og ikkje den livredde skrekken som berre er vond. Det er tydelegvis framgang å spore på vegen mot joikaland.

Vi kleiv oss opp til toppen og måtte dele den med ei heil gruppe av joikalærlingar, som stod og hadde overhøyring (På Kyrkja, hø hø hø. Pun intended!) om breformasjonar og liknande. Eg og onkel tok dei obligatoriske bileta, var litt forundra over å finne Fjellnarve her oppe, og var heilagt overbevist om at vi absolutt ikkje skulle prøve oss på toppen utanfor som såg veldig luftig ut. Vi sat der ei lita stund og prøvde å peike ut eitt og anna fjellet, før vi tusla oss ned igjen. Eg hadde frykta at det skulle bli litt verre å koma seg ned enn opp, men det var faktisk lettare å koma seg ned enn å koma seg opp!

Turen ned igjen gjekk vi den vanlege vegen, utan større viderverdigheiter av noko slag. Vel nede ved Leirvassbu tok vi ein kjik attende på Darth Vader og helsa blidt før vi sette kursen attende mot Skjåk og ein større grillmiddag.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Artig å lese.

    Skrevet av Olepetter 19.10.2013 12:52

    Det vakte minner også, siden Kyrkja var den første bratte toppen min i Jotunheimen for mange år siden - husker følelsene du skildrer - og turkameraten min likte seg ikke opp de siste meterne, husker jeg.

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Vargtaz 18.10.2013 19:59

    Hehe.. morsom lesning og fine bilder!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.