Kunsten å feige ut (19.06.2014)
Etter fjellsportkurs samt nokre klæbbturar til Tikneppen med kilesett og godt mot var eg og Andreas klar for større utfordringar. Det var på tide å setja kilane i nytt fjell. Aktuelle turmål vart diskutert fram og attende og valet landa etterkvart på Trænstaven, som virka som ein litt brattare klyvetur.
Klokka tikka sakte mot ferie torsdag, og litt over fire var vi på vegen nordover. Med bagasjen full av potetgull, kaffe og CDar var vi klar for road trippin'. Etter ein heller kjip burger Stjørdal bar det vidare, gjennom Nord-Trøndelag (Snåsa - Gjeeesp!). Vidare gjennom Nordland (Majavatn - Gjeeesp!). Gillian Welch sang søtt om å drøyma ein motorveg heim til deg, og etterkvart kom vi oss til Mosjøen. Etter ein liten beinstrekk ned Sjøgata og ein bagett på ein bensinstasjon var det strake vegen til Sandnessjøen. Været var ustabilt, men lovande. Etter ei kjapp rånerunde fant vi oss ein rasteplass og slo opp teltet i frisk bris. Dagen etter sat vi endeleg på hurtigbåten ut til Træna. Kaffe og bagett blei hivd innpå her også, tydelegvis ein slæger på hurtigbåten ("Ja, det kom ikkje som nokka bombe" sa dama bak kassa når eg bestilte). Endeleg stod vi på kaia på Husøya, båten ut til Sanna gjekk om ca ein time, så vi vandra litt rundt, medan alle lokale helsa på oss som om vi var gamle kjente.
Etter ein fem minutters båttur stod vi ute på Sanna i relativt pent vær. Ein lokal kjika litt på utstyret vårt og sa «Ska dokk gutan prøv dokk på Trænstaven? Vær forsiktig, dæ e glatt i graset no». Vi mumla «jaja, vi skal passe på» og lunta oss gjennom ei busetjing med verdas minste hus. I ei relativt humpete eng slo vi opp teltet og dumpa alt utstyret vi ikkje trengte. medan vi stod her kom ei heftig sluddbyge og kraftig vind kasta over oss, så vi blei litt skeptiske, men vi vandra rundt staven og fant ruta opp. I stiv til sterk kuling krabba vi oss opp den bratte og glatte grasbakken til innsteget. Litt psyka av dette sette vi oss like godt til med ein matbit, og vurderte vegen vidare. Eit tau låg alt klart, men dette hadde heilt klar slitasje. Så det ville ikkje vera til særleg hjelp om vi skulle trenge støtte der oppe. Etter litt repetering på standplass, fomling opp fyrste taulengde, og tiltakande kuling byrja motet å svikta. Vi stira ut på havet og styggvêret der ute. Ei havørn flaug forbi og kunne ikkje brydd seg mindre om dei to tullingane der nede. Kombinasjonen av faktorane førte til at vi tok beslutninga om å ta oss ned frå fjellet før vi i det heile tatt hadde byrja. Vi slang ned rapelltau så godt det lot seg gjera i vinden, og kom oss greit ned til teltplassen. Vi bestemte oss for å ta turen opp på Gumpen istaden, og flytta difor teltleiren i same retning. For å koma seg opp på Gumpen er ein av dei vanlegaste vegane gjennom ein kilometerlang tunnel, så hovudlykt måtte fram. Interessant oppstigning for å sei det slik, i alle fall ein gong. Gumpen baud på flott utsikt over øyriket, og veret var ikkje all verda ille heller. Vi vasa litt rundt på toppen for å finna stigen ned til Kirkehelleren, men sidan vi ikkje eigentleg visste kor denne var blei det med tanken.
Etter eit par kalde whiskey-drammar nede ved teltet var vi begge klar for å krype ned i soveposen. Til tross for stiv/sterk kuling og dertil blafrande teltduk gjekk natta forholdsvis greit. Kjapp frukost dagen etter før vi braut leir for å koma oss ned til kaia. I tolvtida var vi attende på Husøya, og hadde «berre» sju timar til hurtigbåten attende til fastlandet skulle gå. På tide å gjera seg kjent med Træna! Vi vandra litt rundt før vi fant ein kafé der vi kunne slå oss ned. Her kjøpte vi oss kaffe, og den beste kaka eg nokon gong har smakt på Kafé. Så om du nokon gong er på Træna, sjekk ut kakedisken på Amora; Den er verd å drepa for. Vi fekk fort selskap av tre karar som jobba på redningsbåten, og dei var interessert i alle nye fjes på øya. Dei fekk seg ein god latter når dei fekk høyre at vi ikkje hadde funne Kirkehelleren, og at vi hadde lege i telt ute på Sanna i kuling og regn. Men når det kom til vårt avbrotne forsøk på Trænstaven var dei meir tilgivande: «Det e tøffar å la vær». Vi tok ei ny vandring rundt Husøya før vi bestemte oss for å prøva øyas andre spisestad til middag: Kroæ. Vi kom dit klokka fire og fekk beskjed av stamkundane at dei stengte no, men om vi snakka pent med sjefen kunne vi nok få oss litt mat. Så gjorde vi, og vi fekk mat. Nydeleg heimlaga lapskaus, slik bestemor laga. Attende til venterommet, no var det berre eit par timar til båten skulle gå. Og kun ein time til butikken opna (Åpningstidene på den lokale Jokersjappa var eit kapittel for seg sjøl). Vi kjøpte oss litt snop og anna godsaker på butikken før båten skulle koma. Litt før båten skulle koma, fekk vi selskap av den lokale postmannen. Han var ein liten skrue, og sitt vistnok på kaia med ein Solo plus og sjokolade kvar gong hurtigbåten kjem inn. Tida dryga og båten skulle vore her, og vi byrja å ane ugler i mosen. Ein halvtime etter at båten skulle gått kom innehavaren av Kroæ kjøyrande forbi og kunne fortelja oss at hurtigbåten var innstilt grunna styggvær.
Med andre ord blei det nok ei natt på Træna. Vi ringte på Træna Rorbuferie, og blei møtt av ei hyggeleg dame som berre sa «Stakkars! Klart vi har rom, æ kjæm og hente dokk på kaia no». Service! Det var utruleg deilig å kunne strekja seg ut i sofaen på rorbua, ta seg ein liten whisky og sjå ut på været der ute. I løpet av den neste timen kunne vi sjå Trænstaven i ganske mange variantar av vær, og midnattslys. Morgonen etter kunne vi konstatere at været var langt betre. Vi åt litt frukost og såg opp på den lokale toppen Hikelen, og fant ut at vi burde no i det minste greie å få med oss ein tur til før vi for. Som sagt så gjort, og vi labba oss bortover jordet og byrja å kliva. Fant oss ei grei rute opp, og kunne etter kort tid stå på toppen av denne haifinnen og stirre ut over øyriket i all si prakt. Ingenting å sei på det skuet, for å seie det slik. Vi fant normalvegen ned og var kjapt nede på rorbua. Etter å ha vaska oss ut, og levert nøkkel sat vi atter ein gong på venterommet på kaia. Etterkvart opna Joker og vi tusla oss bort for å kjøpe proviant til bilvegen heim. Her helsa alle på oss, og vi hadde ein vag fornemmelse av at alle no kjente til dei to rare søringane som hadde prøvd seg på Trænstaven i kuling, bodd ute på Sanna i telt i ruskeveret og som attpå til ikkje greide å finne Kirkehelleren. Jaja, greit å kunne stå for underhaldninga.
Etter nok ein lang road trip var vi endeleg heime slik i totida på natta. Til tross for at vi ikkje fekk utretta nok som helst av det vi skulle, og i tilegg vart sitjande værfast kan eg ikkje seia anna enn at vi hadde hatt ein strålande tur. Træna er verdt eit besøk i seg sjølv, og når vi i tillegg kan koma heim med sekken full av gode historier og minne om ein og anna snurrig skrue busett på den ytterste nøgne ø så får vi heller tåle at det på Træna no kjem til å bli fortalt skrøner om dei to søringane på tur i lang tid framover.
Med på tur: anforb (Andreas Forberg)
User comments
Takk for
Written by mortenh 25.06.2014 16:19fornøyelig rapport.
Sv: Takk for
Written by Husomlykkjun 26.06.2014 12:03Takk for det!
Sv: Sv: Takk for
Written by Øyvindbr 26.06.2014 21:49Både artig og for min del en relevant rapport. Relevant fordi jeg nettopp har vært på et lite klatrekurs i Romsdalen og føler jeg må tørrtrene endel framover og fordi delvis rorbuferie venter om ei drøy uke. Men det blir ikke på Træna denne gangen, og jeg skal ikke på klatretopper i denne omgang.
Men den Trænstaven og kaka på Træna frister overmåte!
Sv: Sv: Sv: Takk for
Written by Husomlykkjun 04.07.2014 17:13Så bra! Tørrtrening er absolutt fint, vi hadde nok trena litt lite denne sesongen, så nervane kom litt vel fort.. Kakene på Træna er nesten verdt turen i seg sjølv!