Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (5)
- Bouldering (2)
- Ice climbing (1)
- Sport climbing (1)
- Via ferrata (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (16)
- Hillwalk (3)
- Walk (3)
Favourite trips
Favourite peaks
Horrungen
- Date:
- 05.08.1995
Var på fisketur med overnatting i telt oppe ved tjønna på Horrungen saman med onkel Per og Arnstein. Vi sette ut garn i tjønna, før vi tok ein snartur opp til toppen av Horrungen for å få i oss varmen om kvelden. Omlag det einaste eg minnest frå denne turen var at det var særdeles kaldt. Særleg å ta garn og maga fisk om morgonen. I all fall for oss som ikkje var vant til fjellet. Onkel Per som var godt fjellvant såg ikkje ut til å li noko nød i det heile tatt. Eg og Arnstein derimot, vi trudde nok at vi skulle fryse i hjel..
Storivilen
- Date:
- 12.06.1995
- Characteristic:
- Backcountry skiing
Skuletur med ungdomsskulen. Som avslutningstur før sommarferien kunne vi velja mellom ein sykkeltur med grilling i Aura, eller topptur til Storivilen. Eg og ein liten gjeng til valde det litt meir fysiske og ambisiøse målet. Sett bort i frå Galdhøpiggen er nok dette min fyrste orntlige topptur. I alle fall den fyrste toppturen som krevde litt fysikk og uthaldanheit. Ein kan vel difor seia at mi toppturkarrierre starta med denne turen! Gjekk opp lia frå Lundagrenda med skia på sekken, opp til Lendhytta og forbi. Oppe ved breen tok vi på oss skia og gikk opp med feller. Flott vær og lang utsikt heilt til Vågåvatnet, og forbi.