Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (5)
- Bouldering (2)
- Ice climbing (1)
- Sport climbing (1)
- Via ferrata (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (16)
- Hillwalk (3)
- Walk (3)
Favourite trips
Favourite peaks
Påskeklassiker nr.1 i Skjåk: Skridulaupen
- Date:
- 30.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 6:34h
- Distance:
- 23.8km
Skridulaupen, kanskje den mest klassiske av alle påsketurar i Skjåk. Merkjeleg nok har eg aldri gått denne turen. Så denne påska hadde eg stygge planar om å få skvisa inn denne klassikaren i turprogrammet som eit passe tillegg til monsterturen Gråhø. Eg forhøyrte meg litt rundt om nokon ville vera med og fleire viste interesse, men av ulike årsakar var Pappa den einaste som stod igjen når dagen rann. Vi hadde alle intensjonar om å kosa oss på tur, og ingen intensjonar om å springa som gale på toppen. Så i passe behageleg morgontid sette vi oss i bilen og kjøyrde til Grotli. Framme på Grotli fann vi fort ut at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt oss ut i fjellet denne dagen. Det var trongt om plassen på parkeringsplassane. Kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at dei >>>
Vinterjuving i Tundra
- Date:
- 28.03.2013
- Characteristic:
- Ice climbing
- Distance:
- 7.8km
Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar? Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt >>>
Påsketur til Gråhøe
- Date:
- 26.03.2013
- Characteristic:
- Backcountry skiing
- Duration:
- 11:24h
- Distance:
- 36.7km
Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga. Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe >>>
Topptur til Ruten
- Date:
- 10.03.2013
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:18h
- Distance:
- 10.8km
Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken. Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, >>>