Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Storsylen

Date:
12.09.2015
Duration:
7:34h
Distance:
22.4km

Det var meldt finver til helga, så eg ville på tur. Eg og Helge køyrde inn til Nedalshytta fredag kveld og overnatta i telt. Tok i veg innover mot sylmassivet i åttetida om morgonen. Mykje fint vær i vest, mindre fint i aust. Vinden dreiv frå aust.. Så skodd og gråver kom sigande med andre ord. Vi var inne ved Syltjønna etter omlag to timar. Her åt vi lunsj, og om ein av oss hadde greid å få med kaffikanna hadde vi nok kokt kaffe også, men så vart det ikke. Vi hadde kaffi og primus da... Etter ei kjapp skive tok vi til på den laaaaange bakken opp mot egga og skodda. Møtte fyrst yr, før vi møtte skodda på ca 1500 moh. Fulgte egga til riksgrensa. Med yr i lufta og blaute sva freista det ikkje stort å gå vidare mot toppen, men vi prøvde lell. Med litt tolemod og god tid kom >>>

Map    

Feltarbeid - Grødalen

Date:
02.08.2015
Characteristic:
Hike
Map