Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Gunung Batok

Date:
10.07.2010
Characteristic:
Hike

Tur i forbindelse med gruppetur over Java og Bali. Kom frå Yogyokarta til hotellet på den ytterste kraterkanten om ettermiddagen/kvelden. Utanfor hotellet krydde det av lokale som ville selja oss luer, vottar, skjerf og alt anna varmt tøy vi kunne ha gløymt å pakka med oss på tur til varmare strok.. Stod opp rundt fire morgonen etter. Åt eit par kjeks, og blei kjøyrd i Land Rovere ut til sletta nedanfor Mt. Bromo. Vi skulle gå opp til kraterkanten på Mt. Bromo å sjå soloppgangen herifrå for så å ta turen opp Mt Batok for å sjå på utsikta, noko som vistnok var motsett av kva den store turistmassen brukte å gjera. Vi kledde på oss med varme klede og hodelykt og sette i mars etter den store straumen med andre turistar, så det var nok ikkje heilt sant. Undervegs blei vi og masa >>>

Map    

Topptur til Storhornet

Date:
27.02.2010
Characteristic:
Randonnée/Telemark

Denne vintern hadde eg kjøpt meg orntleg telemarkutstyr for fyrste gong. Tidlegare spede forsøk på alpinkjøyring har vore i det vesle trekket på Grotli med atomic-plankar og lærstøvlar. No hadde tida endeleg kome for å testa utstyret på "orntleg" topptur. Storhornet er vel anbefalt som nybyrjartoppa over alle her i midt-Norge. Så vi bila i veg ganske tidleg laurdagsmorgon, sidan vi skulle på konsert (og eg skulle ha vors..) om kvelden. Vel framme ved parkeringa var det strålande vær og vi blei gode og gira i kropp og sinn. Vi la iveg oppover med stor iver og glede. Fint føre oppover skogen og eit godt stykke oppover fjellet. Etterkvart byrja nye skistøvlar å gnaga på hælen, og gnagsår kombinert med at været slo litt om og det blei godt med vind og snødrev rundt >>>

Map    

Slottsfjellet

Date:
03.08.2009
Characteristic:
Walk

Måtte jo sjølvsagt oppom Slottsfjellet som del av omsyninga i Tønsberg. Ingen strevsamd tur akkurat, men fin spasertur som gir både litt historisk påfyll og god utsikt.

Map    

Munken - via ferrata

Date:
04.07.2009
Characteristic:
Via ferrata

Klatra munkenstigen med Andreas og Rannveig. Dette er ein via ferrata opp Munken, fjellveggen ein ser rett over mot i frå byen. Sol og flott vær denne dagen. Dette var ein av mine fyrste opplevingar med meir "utsett" friluftsliv, så eg var nok litt smånervøs før vi sette iveg. Kom meg greit opp "testløypa", så vi fortsette oppover løypa der det ikkje lenger var anledning til å snu. Til tross for litt høg puls gjekk det for det meste greit, heilt til vi kom opp skogen. Det gjekk relativt sakte med meg når vi skulle ut på eit bratt og glatt sva som verka særdeles utsett. Til tross for angst og antydning til kryping og blodgrep om wiren, kom eg meg da til slutt over denne kneika også. Det siste svaet opp mot toppen gjekk greit, og det var godt å koma seg til >>>

Map    

Heggebotthovden

Date:
15.07.2005
Characteristic:
Hike
Map    

Tibidabo

Date:
24.07.2004
Characteristic:
Walk
Map    

Søre Tverrådalskyrkja

Date:
23.03.2001
Characteristic:
Backcountry skiing
Map    

Porsanger

Date:
15.08.1999
Characteristic:
Hike
Map    

Torsæterkampen

Date:
30.04.1999
Characteristic:
Hike
Map    

Varden

Date:
03.08.1998
Map